Det_er_rett_å_gjere_opprør!

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Tue, 16 Dec 1997 16:44:13 +0100 (MET)

Heilt frå den franske revolusjonen i 1789 og fram til vår tid har ordet
venstreside vore nytta som ei samlenemning for eit mangfald
av folkelege og progressive krefter; viktigaste del: arbeidarklassen. Det
er den ekte venstresida som står i den store demokratiske tradisjonen som
er mykje eldre enn 200 år.

Men der også ei falsk venstreside som står i ein annan tradisjon; ein
forkalka øverheitstradisjon. Sett saman av ein brokut skare av
journalistar, universitetsmarxistar - marxologar - og diverse typer
kunstnarar og halvkunstnarar, for å nemne nokre grupper som er viktige på
den falske venstresida; og i herrane sin ideologiproduksjon.

Tanken at ting skjer når tida er inne, er sentral for den falske
venstresida. Tanken at folket avgjer sin eigen lagnad ved handlingane
sine, at folk organiserer seg og gjer opprør, er fjern og skræmande. Og
det som skræmer, er tanken på revolusjonen.

Slik på lag tenkjer eg når eg når eg les mccarthyistane her på forumet.
Måtte juleakevitten gjere dei godt!

Det er heilt avgjerande viktig å lese dei borgarlege klassikarane frå
opplysningstida og før det. Milton om prinsippa for prentefridomen;
Beccaria om strafferett; Montesqiueu om maktfordelingsprinsippet for å
nemne eit lite knippe.
Tankane i desse verka - og i alle dei andre som eg ikkje har nemnt - var
ein føresetnad for dei borgarlege revolusjonane, men tankane kan brukast
no mot det samfunnet som skapte dei.

At det er viktig å lese Marx, trengst vel ikkje seiast høgt.

Men det er ikkje nok å lese kritisk og organisere.
Vi må gjere opprør også!

Finn Sindre Eliassen