SV: Debatt ja!

Olve Steinset (olves@online.no)
Fri, 12 Dec 1997 12:54:30 +0100

Fra: Geir Hem

>Jeg liker Jon Michelets invitt til å åpne for spesialdebattbilag. Og støtter
>Sydney-Solveis oppfølging! Jeg ser denne debatten om hva som skal inn, ikke
>som en sensurdebatt, men om en debatt for å skape en god avis. Form, innhold
>og dialog med lesere og innsendere er alle momenter som må med. Sånn sett
>blir det en balansegang. Men er det ikke KK's kraft og hvordan det
>gjennspeiles i innsendte debattinnlegg som på sikt 'styrer' debatten? Jeg
>frykter derfor ikke på sikt at det fortsatt åpnes for historisk debatt, men
>oppfordrer innsendere til å vinkle innlegg mot framtida.
>
>mvh Geir Hem
>

Forstå meg rett Geir Hem - eg er ikkje mot fri og open debatt korkje om historia eller framtida. Sjølvsagt kan det vere at eg har mistydd heile framlegget om ein bolk med spesialdebattsider, dersom eg har det skjønar eg ikkje kvifor ein skal avgrense dette til:"en bolk med spesialdebattsider i avisa der vi legger ut en bunke av de mest sentrale innleggene på KK-forum i det siste, inklusive sånne som Allerns, Nærstads, Mikkelsens, Eriksens og Randens, for eksempel.", slik Jon Mischelet skriv.

Eg har ikkje sans for ein slik bolk fordi det etter mitt syn ikkje vil føre til noko betre resultat enn den støyen det representerer. Skulle det i ettertid vise seg at eg har teke heilt feil skal eg med oppriktig glede komme attende og innrømme det. Eg slit litt med å innta ei pragmatisk haldning til dette spørsmålet, fordi eg nok har sterke kjensle mot heile framlegget.

Når eg likevel freistar å vere pragmatisk er det fordi eg innser at eit slikt "Signal fra Admiral Knehøne" kan vere vanskeleg å reversere, og sannsynlegvis vil føre til like mykje støy og rabbel som det vert ved å gjennomføre det. Difor er eg meir oppteken av korleis dette vert gjennomført enn av om det skal gjennomførast - Lars Staurset har etter mitt syn eit godt forslag til korleis.

Så vonar eg at debatten om eigedomstilhøva til avisa Klassekampen, som forlengst har utspelt si rolle som debattema i avisa, vert flytta til dei fora den høyrer heime i som t.d. selskapet si generalforsamling. Og at debatten med tida kan omhandle politiske spørsmål av større samfunnsmessig interesse både om historia og framtida, der ein kan sleppe å opprette "bolkar med spesialdebatt". At vi kan få konstruktive debattar om den politiske innretninga til avisa, der ein er meir opptatt av produktet enn prosjektet - og vurderer kva klasseinteresser produktet tenar, slik debatt Geir Sundet opnar for i sitt innlegg her på forumet "Arbeidaravisa Klassekampen".

Med oppriktig ynske om fordomsfri, konstruktiv og sakleg debatt - til gagn for dei mål ein kjempar for.

MHH Olve Steinset