Angst_for_debatt_og_anna_vørrprat

Olve Steinset (olves@online.no)
Thu, 11 Dec 1997 20:36:41 +0100

Kven svarten har angst for debatt Karsten Vedel Johansen (KVJ) - utan om deg sjølv? Kvar gong nokon tar aldri så lite til motmæle mot deg, stikk du "halen under beina og klynkar som ein piska hund", og proklamerer at no forlet du forumet. Ikkje ein gong den lovnaden maktar du stå ved.

Geir Sundet inviterer til ein debatt om Klassekampen som arbeidaravis, etter min smak og politisk overtyding eit godt innlegg. Det er heilt OK for meg at du er usamd i dette KVJ, men kvifor skal du kommentere det når du ikkje eig ein tøddel av mot til å kommentere det politiske innhaldet i det han skriv? Og du snakkar om angst - begrip det den som kan!

Når eg seier at eg ikkje er for framlegget om spesialdebattsider i Klassekampen for personar som ikkje maktar heve blikket bort frå eigen navle, ja så skulle eg liksom skjelve i kroppen av angst? Det er mest så gråten tar meg, for dumt til å skulle vere sant. Kom med dei politiske argumenta for denne dårskapen så skal vi debattere det, men då får du fanden ikkje stikke av som ein annan piska hund!

MHH Olve Steinset