Har admiralen snudd?

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 11 Dec 1997 09:05:36 +0100

Admiral Michelet har kunngjort at han vil vurdere "at vi lager en bolk
med spesialdebattsider i avisa der vi legger ut en bunke av de mest
sentrale innleggene på KK-forum i det siste, inklusive sånne som
Allerns, Nærstads, Mikkelsens, Eriksens og Randens, for eksempel."

Forslaget ser ut som eit steg i rett retning, men eg er ikkje sikker på
om det vil verke slik ein del forumistar har oppfatta det.

Bokstaveleg tolka går forslaget ut på å trykke utvalde forum-innlegg
uendra. Det vil sjå nokså kaotisk ut, ettersom forum-debatten har ein
heilt annan stil enn avisdebatten (lange sitat, fri ordbruk m.m.). Nokre
har allereie reservert seg mot å komme på trykk på den måten, og Solveig
Mikkelsen har eit (forsåvidt konstruktivt) forslag til korleis det heile
kan organiserast. Men kva så?

Dersom eg har skrive eit forum-innlegg som andre svarar på, og eg får
høve til å endre på innlegget mitt før det kjem på trykk, står eg vel
også fritt til å skrive det om i lys av det som har vore skrive seinare.
Då vil sjølvsagt også svarinnlegga bli heilt annleis, og vi får ein
heilt annan debatt i avisa enn på forumet. Det er ikkje noko gale i det,
berre vi er medvetne om det. Faktisk har det fleire gonger vore
avisdebatt om same tema som på forumet, men med ei litt anna utvikling.

I dette tilfellet er det ikkje snakk om ein naturleg utvikla avisdebatt,
men om å lage ein "bolk med spesialdebattsider", altså ein debatt som er
redigert på førehand. For at debattantane skal forhalde seg til
kvarandre sine innlegg, må innlegga først sirkulere mellom dei. Det kan
gjerast opent på forumet, med fare for at det glir tilbake til ein
vanleg forum-debatt, eller innafor ei avgrensa e-post-gruppe der berre
nokre få får vere med. Problema med dette er ikkje uoverstigelege, men
vi må iallfall sjå realistisk på dei.

La oss likevel gå ut frå at denne "spesialbolken" blir laga og trykt på
ein eller annan måte. Det vil rimelegvis føre til eit ras av nye
debattinnlegg, ikkje minst frå folk utanom forumet. Skal spesialbolken
følgjast opp med vanleg avisdebatt, nye spesialbolkar, eller nytt lok?

Eg reknar med at "kamerat Mest Marxistisk" og Admiralen har tenkt
gjennom alt dette. Helst vil eg tru godt om folk, men no er eg i tvil.
Har Admiralen snudd, eller spreier han skodde? Kan dette vere ei
krigslist som går ut på å vise godvilje og håpe på at "spesialbolken"
glir ut i ingenting?

Han kan sjølv gje svaret, for her er eit forslag som eg trur er meir
gjennomførleg:
1) KK tilbyr Allern og Nærstad kvart sitt innlegg på vanleg debattplass.
Dei kan bruke dei tekstane dei alt har skrive, eller lage nye.
2) Redaktøren skriv eit kort svar der han rettar opp det han meiner er
direkte feil.
3) Svarinnlegga som kjem, blir samla opp til ein spesialbolk som blir
trykt f.eks. to veker seinare. Det må kunngjerast ein frist for
innsending.
4) Vidare debatt kan også samlast i spesialbolkar. Dette bør vurderast
ut frå omfanget og om saka taper interesse etter kvart.

Kan "kamerat Mest Marxistisk" og Admiralen godta dette?

Lars Staurset

P.S. Kva er e-post-adressa til "kamerat Mest Marxistisk"? :-)