Eit langt svar til Trond Andresen

Olav Randen (boksmia@online.no)
Tue, 9 Dec 1997 12:58:12 +0100

Eit langt svar til Trond Andresen
Trond Andresen kommenterte sundag eit innlegg eg hadde på
Klassekampen-forum. Redaktørskiftet var nødvendig, for trioen Sigurd
Allern/AkselNærstad/Paul Bjerke køyrde avisa i senk, hevdar han. Eg kjem
attende til mine vurderingar av dette, men tek før det ein omveg til noko
Oddmund Garvik skreiv på forumet nokre innlegg etterpå.
Garvik skriv at Klassekampen er ei lita og uinteressant avis i eit lite
land i utkanten av verda. Han tek feil frå ende til annan. Noreg er ikkje
eit lite land, men eit globalt gjennomsnittsland med ein snau promille av
verdas innbyggjarar. Det er vel 100 mindre land og 95 større. Verda er
rund og har difor ikkje utkantar og sentra. Og kva dette landet gjer, kan
ofte vere viktig. For Noreg og liknande land (det blir stadig færre av dei
etter kvart som unionane underlegg seg fleire) kan bli høyrt både av tredje
verda-land og av industriland. Det er ikkje tilfeldig at
verdsorganisasjonar har brukt nordiske politikarar som Dag Hammarskiold,
Olof Palme, Tryggve Lie og Gro Harlem Brundtland til sentrale oppgåver.
For å ta eit par nære døme: Om Noreg hadde våga å slåst for klimaet heller
enn for oljen i Kyoto, hadde sluttresultatet vorte eit anna enn det no ser
ut til å bli. Og om Noreg vågar å la omsynet til trygg matforsyning (og
ikkje olje og skipsfart) avgjere posisjonane på ministermøtet i WTO 18-20.
mai 1998, vil ein ny allianse mellom uavhengige industriland og tredje
verda-land vekse fram og kunne snu utfallet på møtet vekk frå USA/EU.
Altså er norske haldningar og norsk opinion viktig, og det er ein tragedie
for fleire enn oss nordbuar at olje og børs meir og meir avgjer kva vi skal
meine. Men framleis står tradisjonane frå humanismen, likskapsidealet,
sjølvstendeønsket og rasjonalitetstenkinga såpass sterkt i oss at dette kan
snu norsk tenkjemåte. Til det kan ei raud, aggressiv og utfordrande avis
vere ein av dei viktigaste reiskapane.
Om dette er nok Andresen og eg samde. Men det er likevel greitt å ha det i
botnen før vi diskuterer framtida for Klassekampen.
På to måtar er eg på kollisjonskurs med mykje av den tenkinga som no rår i
ml-rørsla. Det gjeld for det første spørsmålet om einskapsfronten og for
det andre sanningssøkinga. Eg er klar over at konkretiseringa av desse
spørsmåla ikkje blir fullgod, for det krev anten eit felles
erfaringsgrunnlag eller eit felles faktagrunnlag. Det første har vi i
relativt liten grad, og det siste fører det for langt å byggje opp i eit
slikt innlegg. Ta difor det følgjande mest som ein presentasjon av problem
i tenkinga. Så får vi eventuelt kome attende til den mangsidige
dokumentasjonen
Einskapsfronten
Meiningsskilnad om einskapsfront-tenkinga har stått sidan ml-rørsla sin
barndom. Ein gong var SV ein taktisk hovudfiende, og Folkerørsla mot EF var
ein konkurrent meir enn ein organisasjon som arbeidde for same målet som
AKMED. Så tok ml-arar heldigvis til å lese Dimitrov og Mao og til å skjøne
at om vi skal nå framover, må vi ikkje få alle med på alt samstundes, men
prøve å finne eit felles grunnlag der vi samstundes viser respekt for andre
meiningar og andre sin rett til eit sjølvstendig liv. Denne forståinga er,
slik eg har opplevd det i Nei til EU, i målrørsla og i striden om
Klassekampen, borte att eller vesentleg svekka hjå svært mange i og rundt
dagens ml-rørsle. I dag er det slik at den som meiner noko anna om ei sak,
svært fort blir ein fiende.
La oss ta Klassekampen som døme. Kan hende har du, Trond Andresen, rett i
at trioen Bjerke/Allern/Nærstad var den proppen som stoppa ei positiv
utvikling i avisa, eg veit ikkje nok til å ta stilling, og eg har berre
møtt påstandane og ikkje dokumentasjonen. Men jamvel om du skulle ha rett,
er ikkje det grunnlag for å kaste ein redaktør på dagen. Framgangsmåten bør
vere dokumentasjon, korrigeringsplan, debatt med dei det gjeld og deretter
tiltak. For venstresida i Noreg er ikkje større enn at vi treng flest råd,
også denne trioen og folk som tenkjer nokolunde som dei. Klassekampen har
heller ikkje fleire støttespelarar enn at det er om å gjere å halde på dei,
det trur eg den planlagde aksjeutvidinga på 5 millionar vil demonstrere på
ein sørgjeleg måte.
Sanningssøking
Kjernen i den fornuftstenkinga som vart utvikla i europeisk 1700-tal og som
vi framleis bør definere oss innanfor, er at det gjeld å avdekkje og å
søkje sanning og forståing. Dette bør vere grunnlaget for
organisasjonsarbeid og minst like mykje for avisdrift. Helge Krog
formulerte det om lag slik: Skriv alltid det som vil vere mest mogeleg
ubehageleg for deg.
Så opplever vi i staden i organisasjonar at taktikk er overordna argument
og fakta og i Klassekampen at stoff blir vurdert ikkje ut frå
informasjonsverdien, men ut frå om det er taktisk tenleg å gi lesarane
dette stoffet. Viss argumenta eller opplysningane kan vere til skade for
Klassekampen (eller for majoritetseigarane), bør dei i staden haldast unna.
Nei då, det er ikkje nytt. To-tre år attende vart ein frå din påståtte trio
av bakmenn, Sigurd Allern, sparka som redaktør, men det kom ikkje fram for
abonnentane og truleg ikkje for aksjonærane før i haust. Noverande redaktør
skriv det tydeleg, med mi nedkorting om lag slik: Deira argument er til
skade for Klassekampen og må difor haldast unna lesarane.
Med dette forsterkar nok eit problem seg: Avisa blir som politisk reiskap
forutsigbar. Vi veit at ho skriv positivt om landsmøtet i AKP, for det må
ho. Vi veit at ho skriv negativt om denne og førre og neste regjering, for
slik definerer ho si oppgåve. I staden trengst den konkrete analysen, som
ser at AKP gjer positive og negative ting og at ei regjering kan gjere det
same.
Kva må det ryddast opp i
Andresen har rett i at ny tenking og ny skriving måtte til i Klassekampen,
for avisa hadde gått i skorfeste. Om han også har rett i at eit
regimeskifte var nødvendig, er eg som nemnt noko meir usikker på. Det er
heller ikkje det avgjerande no, for regimeskiftet er gjennomført.
Problemet er at vi ikkje har kome lenger. Eg ser ting som har vorte betre,
det er så, men også ting som har vorte dårlegare etter redaktørskiftet.
Om avisa skal vere liv laga og snu norsk opinion rundt årtusenskiftet, må
det ryddast opp i tenkinga. Same kven som redigerer ho, må avisa arbeide
for å byggje ut ein einskapsfront mellom folk som vil fram til eit betre
samfunn, men som kan ha svært ulike synsmåtar på mange ting. Og kravet til
sanning må bli overordna alle taktiske sideomsyn, også når det gjeld eigne
forhold.
Somme legg hovudvekta på eigarstrukturen og hevdar at eit parti aldri bør
eige ei avis. Sjølv om eg òg ønskjer at AKP reduserer sin eigardel dit at
deira styringsrett ikkje blir sjølvsagd, trur eg ikkje det er det
avgjerande spørsmålet. For ein demokratisk eigarstruktur av ei avis er ein
illusjon. Det finst også kringom i verda mange døme på gode, partieigde
aviser, og det finst sikkert døme på aviser med spreidd eigarskap og
tvilsamt innhald. Og om SV eller Sp eller Venstre startar ei dagsavis, så
gjerne for meg, avisa kan bli god eller dårleg.
Det som først og fremst må endrast om Klassekampen skal bli viktig for
framtida, er altså ikkje eigarstrukturen. Det som først og fremst må
endrast, er hovuda til dei - eller oss - som kan påverke framtida for denne
avisa. Skjer ikkje det, kan vi snart seie farvel til Klassekampen.
Kva så med AKP? Det partiet har vist denne hausten, er at dei ikkje har
evner til å vere aviseigar. Om dei vil selje seg ned eller ikkje, får bli
deira sak. Men om dei ikkje tek eit oppgjer med dette og viser at dei har
lært av eigne feil og eige utolmod, greier dei ikkje å gjenopprette
tilliten hjå lesarar og aksjonærar.
For eg trur fleire reagerte om lag som eg då eg las det prinsippfaste og
reservasjonslause forsvaret frå nokre av dei fremste ml-leiarane - med
eller utan tillitsverv og medlemskap i partiet - for at ein selskapseigar
med aksjelova i hand kan kaste tilsette: Takk, lagnad, for at denne
tenkinga og desse folka ikkje har større makt enn tilfellet er her i
landet.
Difor eit konkret, første forslag til Jorun Gulbrandsen og hennar gjeng:
Spør Torstein Dahle om han vil vere styremedlem i Klassekampen. Jau då, eg
veit at han er utmeldt, det har eg lese på dette forumet, men eg veit også
at han er ein klok kar med interesse for avisdrift og raud politikk. Og
truleg har han tid til overs no då han ikkje kom på tinget.
Ut frå det eg har skrive til no, Trond Andresen, fryktar eg også din
lojalitet til dei nye avisdrivarane. Visst har dei som skal byggje opp att
avisa, ein vanskeleg jobb Og visst fortener dei både ei innkøyringstid og
ein tabbekvote.. Eg dreg heller ikkje i tvil at Jon Michelet og hans stab
står på. Men fordi det først og fremst er hovuda som må endrast, vil det
blinde eller det einøygde forsvaret frå lesarane lett bli ein fiende og
ikkje ein ven.