Re:_Et_råd

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Tue, 9 Dec 1997 09:55:41 +0000

Le 9 Déc 97 =E0 13:33, Trond Andresen a écrit:

> At du ikke vil abonnere på avisa, har du nå sagt så tydelig og så
> mange ganger at t.o.m. de døve har oppfatta det.
>
> Så vidt jeg skjønner har ikke du abonnert på, eller knapt lest,
> Klassekampen på mange, mange år (mer enn ti år?).

Eg har rett nok ikkje abonnert på Klassekampem på mange år, men eg har
lese avisa med jamne mellomrom. Eg freista nyleg å bli "betatestar"
for den elektroniske utgåva av KK, men til no har det ikkje latt seg
gjera. Eg ser at webutgåva ikkje blir oppdatert like regelmessig som
før, men går ut frå at dette har med personellvanskar å gjera.

> Et tips for ditt videre korstog: Du kunne abonnere på avisa,
> og så si den opp med brask og bram etter la oss si en måned.
> Dette ville øke din allerede høye troverdighet, og gi deg en
> fornya spiker å koke suppe på.

Er det argument du kjem med her, eller er det berre di eiga
form for "grinebiteri"? Kvar gong ein kjem med kritikk som ikkje
passar, blir det kalla korstog. Dette skal liksom gjera inntrykk av
noko grusomt og forkasteleg. Korstog har hatt varierande forteikn opp
gjennom tidende. Eg er ikkje særleg religiøs av meg, og veit ikkje
heilt om det passar, same kva slag forteikn ein nyttar. Dette er knapt
nok eit billeg poeng, og er dessutan heilt uinteressant. Det er ikkje
min person som er temaet her, det er Klassekampen.

> Ellers tror jeg nok KK-redaksjonen er i full oppløsning p.g.a. dine
> trusler om ikke å skrive og om ikke å tegne abonnement.

Til forskjell for deg, har eg ikkje eit sjølvbilete som gjer det
mogleg å gi "råd" og "tips" i aust og vest, heller ikkje ironisere
over andre sine merittar. Du veit ikkje kven du snakkar om, og då blir
slike ting berre parademakeri. Eg trur elles det finst fleire og
fleire som ser kor skuta siglar, og som ikkje vil vera "matrosar" på
denne ferda, slik at Klassekampen kan fortsetje som ei fordekt
partiavis.

> Som du husker, skreiv jeg privat til deg for mangee uker sida og
> oppfordra deg til å skrive litt for KK fra Frankrike. Basert på det
> du etterpå har skrevet her på KK-forum, synes jeg det er greitt at
> du avslår.

For å byrja med det siste, så veit eg ikkje kva du siktar til
her. Er eg ikkje rettruande nok? Passar eg ikkje inn i
verdsbiletet til Andresen? Eller er han blitt medredaktør, midt i
"kampens hete"?

Då eg høyrde intervjuet med Jon Michelet på utanlandssendinga (?) ein
kveld i oktober, forstod eg det slik at avisa var i vanskar, og det
var dette som tennte interessa mi, og som førte meg til KK-forum. I
byrjinga hadde eg faktisk tenkt å gi ei beskjeden, hjelpande hand. Du
ser eg er ikkje mot Klassekampen som "venstresidas dagsavis". Eg er
slett ikkje nokon "maccarthyist" som nokre ville ha det til, og langt
ifrå ein grinebitar som du, Trond, ville ha det til for nokre dagar
sidan.

Liksom mange andre tykkjer eg det er trist å sjå at Klassekampen blir
teken som gissel av eit lite parti som ikkje er liv laga lenger. Me
har kanskje litt forskjellig syn på korleis dette går føre seg. Eg
tykkjer du er blåøygd og idealistisk i denne saka, men gir deg ingen
råd. Som eg sa: Tida får vise kva som var rett og gale.

Det "krakilske" innlegget ditt tyder på at moralen ikkje er særleg
høg. Blir ein så hårsår at all kritikk som ikkje passar, må setjast i
karantene, er det lite eg kan gjera. Dersom poenget ditt var å stagge
kjeften min, trur eg ikkje du går fram på den rette måten. Du gir meg
heller blod på tann. På den andre sida har eg då endeleg nok av
meir oppløftande ting i livet mitt enn all denne "cyberkrangelen" om
ei lita, marginal avis i eit lite land i utkanten av verda. Ein må
aldri misse perspektivet i det ein driv med.

Med helsing

Oddmund Garvik