Ros for Kåre Lunden om Gro

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Thu, 4 Dec 1997 13:14:20 +0100

Til liks med mange andre her på KK-forum har eg lettare for å kritisera enn
for å gjeva ros. I tysdags-KK fann eg ein svært
god grunn til å gjeva ros. Kåre Lunden si dryfting av Gro sitt sjølvportrett
var artikkelstoff til å tyggja på - og til å læra av.
Det var noko for intellektuelle frå alle klassar - og so herleg fritt for
intellektualistisk posering og framheving av seg sjølv.
Kåre Lunden er ikkje berre ein av dei fremste nolevande norske
historikarane, men han er ogso blant dei få som har skyna at
han som akademikar har ein politisk funksjon, og har eit medvite tilhøve til
nett det. Han tek del i politiske ordskifte om EU, om nasjonalstaten, om
norsk målreising, om Gro, om kvinnekamp m.m. Deltakinga hans i slike
ordskifte er oftast merkt av at han
brukar døme eller knaggar frå historiske hendingar o.l. til å seia noko om
samtid og framtid. Ein kan vera usamd, men knapt nok likesæl
til det Lunden skriv. Måtte han berre skriva meir til KK - har redaktøren
gjort noko form for avtale med han om det??? Dersom det ikkje
er gjort, må han gjerne sjå på dette innlegget som eit framlegg om at det
burde gjerast... Det ville ogso vera eit tilskot til å fylgja
opp kritikken imot dei gamle kultursidene utan å hamna i den
antiintellektuelle og kulturlause grøfta som det ser ut til at sume
kritikarar har mistanke om at avisa hamnar i. Meir slikt!!!

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41