Re: Nettet som arena for viktige debatter

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 03 Dec 1997 14:31:27 +0100

Trond Andresen skreiv:
>
> Nettet som arena for viktige debatter
> - et problem og den mulige løsninga på det:
> ***********************************
>
> Dette er inspirert av de som klager over at det er vanskelig å finne
> gullkorna på KK-forum i all grusen.
...
> Når tilstrekkelig mange har "stemt på" et innlegg, vil det bli
> automatisk
> lagt ut på D2. Forum D2 er med andre ord ikke åpent for andre innlegg
> enn
> de som er "forfremmet" fra D1 av publikum. Dataprogrammer tar hånd om
> voteringsprosessen og "forfremmelsene", "uberørt av menneskehender".
>
> Prosedyren gjentas til innlegget har blitt votert oppover av
> tilstrekkelig mange til øverste
> nivå, D3, som da vil ha forholdsvis lite trafikk, men til gjengjeld
> bidrag
> av høy kvalitet. Travle mennesker kan nøye seg med å sjekke bare D3
> når de
> inne på nettet, for å holde seg a jour med vesentlige bidrag i
> samfunnsdebatten. Men ønsker de sjøl å svare, må de sende det til D1,
> og
> håpe at svaret er så godt at det havner på D2 eller t.o.m D3
> etterhvert!

Trond har (som vanleg) eit konstruktivt og interessant forslag.
Problemet er vel ikkje så stort på KK-forum enno, men kan kanskje bli
det. Han har sjølv ei innvending:

> Nå kan det sjølsagt innvendes at verdifulle innlegg likevel kan motta
> få stemmer, og
> at det motsatte, intetsigende partiskvalder, rutinemessig havner både
> på D2 og t.o.m. D3
> fordi det finnes velorganisert heiagjenger som stemmer på sine egne.
>
> Dette er det mulig å motvirke, men det får jeg komme tilbake til.

Eg er spent på korleis han vil gjere det. I mellomtida har eg eit par
innvendingar til:

- Dei som har tid og ork til å lese alt, er kanskje dei minst
kvalitetsbevisste, og dei vil stemme opp dei innlegga dei likar.
Tendensen kan bli at korte og overflatiske "MOM-side-innlegg" hamnar i
D2 og D3, medan tyngre, kronikk-liknande stoff blir liggande att i D1.
Dei som berre er interesserte i slikt, vil aldri finne det, fordi dei
ikkje følgjer med der.

- Ei liknande innvending gjeld tema, dersom forumet ikkje blir delt opp
tematisk (KK-debatt, medisin og helse, Stalin og Trotsky osv. kvar for
seg). Dei som er interesserte i smale tema, vil ikkje finne stoffet sitt
i D2 og D3.

- Dei som er med på ein debatt, men berre les D3, vil ikkje få med seg
innlegg som berre er komne til D2. Tilsvarande mellom D2 og D1. Dette må
vel gjere debatten svært rotete? I praksis må ein aktiv debattant truleg
følgje med i D1, også for å få svara så tidleg som råd.

Har eit slikt system vore prøvd nokon stad, Trond?

Lars Staurset