Allern og sensuren i KK

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Mon, 1 Dec 1997 10:12:39 +0100

Allern fekk ikkje innlegget sitt prenta i KK - det synst eg var synd, eg
unnar han ikkje å stå fram
som ein trakassert opposisjonell. Eg er usamd i vurderinga til Michelet, men
den heilage redaktør-plakaten
gjer at Michelet tek denne avgjerda i full rett - ikkje sant FFVD?
Det er dessutan slik at knapt nokon aviser i norsk pressehistorie har
vore so full av skarpe ytringar
imot eigarar, redaktørtilstjing m.m. som KK i seinare tid. All prat om
sensur i denne samanhengen vil difor
vera eit realt mageplask. Heller ikkje Allern har klyppekort til KK - eg
undrast forresten på om dei som ymtar
om sensur vil setja den same merkjelappen på tidlegare praksis i KK under
herrane Allern og Bjerke?

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41