Adieu til ei avis

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Thu, 27 Nov 1997 23:32:49 +0000

Eg kom tilfeldigvis innom www-adressa til AKP. Visste ikkje at dei
hadde slik adresse ein gong. Eg fann mykje patetisk lesnad, og
forklaringa på det eg ei stund har hatt mistanke om. AKParane vrir seg
unna all kritikk, triksar og fiksar, og lyg som det passar dei. Dei
ville ha "ei skarp dagsavis som favner bredt blant folk på og utafor
venstresida" Dei vil ikkje ha "ei smalere avis som bare AKP står bak."
Dei tek med i reknestykket at det grufulle kan skje, at AKP skal bli
nøydde til å "gå inn for Klassekampen som partiavis, eventuelt
ukeavis", dersom det går dårleg. Dei meiner det berre er "en reint
teoretisk mulighet", og kjem inn på spørsmålet om AKP skal redusere
majoritetsposisjonen sin som aksjeeigar. Dette vil AKP vurdere
politisk, seier dei. "Det avgjørende er om det tjener eller skader den
folkelige kampen og ønskene til de tusener som over tre tiår har ofra
(her manglar det noko) for å holde avisa i live." Eg veit ikkje om dei
har spurt om meininga til "de tusener", eller om dei i det heile teke
veit kor dei er i dag. Det er nokså hårreisande lesnad.

Konspirasjonsskrømtet lurer overalt. Og dei vil slett ikkje gi frå seg
kontrollen, for då kan borgarane overta... "Det kommer ikke på tale
for AKP å selge aksjer hvis noe sånt skal være mulig. Ei sånn
utvikling ville bety at AKP ga bort resultatet av tusener av
menneskers gaver og oppofrende slit til noe som i verste fall kunne
ende som ei vanlig borgerlig avis." Nokre av dei "tusener" blir kalla
"forrædarar" når det passar, eller brukte som skalkeskjul, kvar gong
dei treng det. Det er ikkje lite skinheilagdom ute og går her.

Eg skal ikkje utbrodere meir. Dei vedtok altså å gå inn for ei
skinløysing, eit reelt status quo. Dei vil framleis ha full kontroll
med avisa. Når redaktøren attpåtil er visargut for partileiinga, og
alt blir framstilt som gjensidig fred og gammen, ein "milepæl", står
ein framom ei partiavis de facto. Heile greia er berre eit
synkronisert spel. At avisa tek opp interessant stoff og har nokre
gode artiklar, forandrar ikkje på dette. Det skulle berre mangle om ho
ikkje gjorde det!

Eg hadde tenkt å abonnere på ei norsk avis for å fylgje litt med i
det som går føre seg i gamlelandet. Eg hadde tenkt på laurdagsavisa
til Klassekampen, eller Dag og Tid. Det blir Dag og Tid. Etter desse
vekene på Klassekampen-forum, kan eg slå fast at eg slett ikkje bomma
med tittelen på det første innlegget mitt her: "Lite nytt under
sola". AKParane har ikkje forstått noko som helst. Dei stengjer seg
inne i den "hemmelege", paranoide verda si, blir færre og færre, og
meir og meir sekteriske. Det er nok å sjå språkbruken på web-sida
deira. Det er den same "langue de bois" som det var i gamle dagar.

Då eg såg filmen frå dei siste underjordiske ministerråda i Tirana i
går kveld, slo det meg kor patetisk det var, og er. Eg mintest
hysteriet omkring "tryggleiken" i AKP, oppmøtestadene, og dekknamna.
Eg tok imot direktiv frå høgare partiorgan mellom andre stader langs
Jærstrender i larmen frå havet, for at samtalane våre ikkje skulle
kunna takast opp av fjerne mikrofonar. At dei framleis driv på med
dette, og eksar kvarandre opp med "klassefienden" og andre fiendar,
viser kor lite dei har å fara med, kor uttørka dei er, og kor lite
framtid det er i arbeidet deira. Ordet demokratisk vil eg ikkje ein
gong nemne i samband med AKP. Dei trøystar seg til ungdomen, ser eg,
men det er ikkje rart. Dei gamle AKParane dreg på åra. Dei klamrar
seg til det vesle dei har av makt, og den viktigaste "eigedomen" sin,
som einkvan kalla Klassekampen her. Det er mest pinefullt å sjå på.

For min eigen del blar eg attende til den staden eg var før eg kom
til forumet. Eg trur eg har betre ting å bruka tida mi på. Her er det
som å diskutere med steinar. Ein får ikkje noko vitug svar, for dei
har ingenting å svare med. Dei er summe, eller brukar alle slags
avsporingar, og lirar av seg salver om form, og tone, eller kjem med
mjuke forslag om "samarbeid" når dei er pressa opp i eit hjørne. Dei
brukar marionettar, og hylekoret, eller gråtekonene, eller kva ein no
måtte kalla dei. Det finst nokre rettelege att, vil eg tru, men dei
kjem nok til å gå i lettbåten ein etter ein, liksom Torstein Dahle
nyleg gjorde.

Raud Valallianse fekk berre 1,6% oppslutnad ved det siste valet. Det
var "det beste stortingsvalgresultatet gjennom tidene", las eg på
web-sida til AKP. Etter alle desse åra..., all den gløden, alle
timane, og alle kronene, all forsakinga. Det er jaggu ikkje mykje å
skryte av.

No trekk eg meg attende. Adieu, og takk for meg.

Oddmund Garvik