Re:_49%_-_en_depressiv_milepæl

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Wed, 26 Nov 1997 11:46:08 +0000

Den arrogante Pål Steigan er atter ute og luftar tankane sine om kor
urimeleg kritikken av AKP er, og om kor rimeleg AKP sin maktposisjon i
"Venstresidas dagsavis" er. Problemet er at han brukar ein rein
formalistisk argumentasjon. Han hoppar over det faktum at eit stort
fleirtal av dei som i si tid var medlemmer av AKP, og som var med på å
skapa avisa med slit og forsakingar, har funne vegen ut av partiet.
Han gløymer også alle dei andre som har slite for avisa utan å vera
partimedlemmer.

Sjølv gjekk eg som sagt ut av AKP i 1979. Eg var formann i eit
partilag i bygningsbransjen i Bergen, og heile laget melde seg ut, så
nær som ein person. Me var leie av å få trædt direktiv ned over
hovuda, me var leie av å stanga hovudet mot veggen, mot
sentralkomiteen med Steigan i spissen, som messa "demokratisk
sentralisme", men tvang partiet på "rett linje" kvar gong det var
diskusjonar og usemje på gang. Eg veit at Steigan ikkje har særleg til
overs for "forrædarane", men dei har ikkje særleg til overs for han
heller, eller for likemennene hans. I så måte er me kvitt. Men
"forrædarane" var også med på å byggje opp Klassekampen. Du skulle
ikkje hoppe så lett over det, Steigan.

AKParane lever i ei rar verd. Partiet er blitt så lite, og inkjevetta
at det mest ikkje er liv laga lenger. Likevel driv dei på som før, og
trur dei er store og viktige. Denne striden om Klassekampen er berre
krampetrekningar. Som eg sa tidlegare, seglar dei rett inn i
fjellveggen på denne måten. Det ville vera ille om dei tok avisa med
seg i dragsuget. Då ville det bli ørkenvandring!

Med helsing

Oddmund Garvik