Re: Vaksiner og alternativ medisin

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Mon, 24 Nov 1997 21:50:30 +0000

Eystein Skjerve trur han er smart, og skriv:

> Å påstå at det er tull at vi har en bedre mikrobiell kvalitet på
> matvarer i Norge enn i Frankrike er et annet eksempel på samme
> TOSKESKAP, mer er vel mer dumhet enn kunnskapsløshet.

Når påstod eg dette?? Du må ha nokre rare augo, Skjerve, for du
siterer meg i hytt og pine. Det eg skreiv, var: "Eg har ikkje uttala
meg om dette, men eg har heller ikkje sett noko som helst belegg for
denne påstanden. Om det har vore slik, finst det no ein tendens i
motsett retning. "Marknaden" godtek ikkje humbug etter kugalskapen i
England. Forbrukarane er no mykje meir kritiske, og forlanger
informasjon om maten dei kjøper, og strenge tiltak for å redusere
"risikoen". Det er ikkje Texas, og fritt fram her nede som mange ser
ut til å tru. Det finst lovverk i EU også..."

Vidare skriv Eystein Skjerve:

> Garvik gjør
> akkurat det samme som Brundtland og store deler av JA-sida gjorde i
> 94 - å benekte lett dokumenerbare fakta. Folk er ikke så dumme ! Det
> neste blir vel at det slett ikke er særlig alkoholskader i
> Frankrike, og at slike påstander er bare vås og ondsinnet propaganda
> fra Nei-sida i Norge. For å gjøre det helt klart. At såpass mange
> har skrumplever i Frankrike, er ikke et særlig godt Nei-argument,
> men blir det når Garvik, åndsfeller av ham som Brundtland og andre
> hevder at det slett ikke er sant og at det bare e rpropaganda fra
> Nei-sida i Norge. Spar oss for denne floskelargumentasjonen,
> Oddmund, og bidra heller med du ellers har av kvaliteter.

Ja, ja, augo blir verre og verre... Du kan for all del lesa mellom
linjene så mykje du vil, og tillegga meg alle slags meiningar og
utsegner. Å setja meg i bås med ei hurpe som Brundtland, er sikkert
morosamt for nokre av dykk. Eg seier: "Circulez, il n'y a rien =E0
voir!" Dette prellar av som vatn på gåsa.

Neste gong får du lesa innlegget mitt. Har du mist det, kan du finne
det her:

<http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-ffra0311970028.html>

Du kan kommentere alt du vil, men har du ikkje anna å koma med enn
lause påstandar, og "sitat" frå fantasien, er det best å halda att
kjeften.

Med skrantande lever, og godt humeur.

Oddmund Garvik