RE: Troverdighet - svar til Staurset

Oddmund Garvik (garvik@serveur.interliger.fr)
Fri, 21 Nov 1997 11:31:22 +0000

Le 21 Nov 97 =E0 10:37, Finn Sindre Eliassen a écrit:

> noko, veit eg ikkje. Men eg likar ikkje den kvelande atmosfæren av
> mccarthyisme som ligg over dette forumet. Mccarthyismen verkar ikkje
> berre invalidiserande på mccarthyistane sjølve, men hindrar mange
> interessante debattar i å bli reiste.
>
> Eg veit ikkje kor klimaet er i Gallia. Hjå oss er det surt, diverre.

Er det verkeleg eit mccarthyistisk klima her på KK-forum? Eg trur du
overdriv litt. Alt er ikkje like gjevande å lesa, men atter ein
gong, "c'est la vie!" I Gallia er det som det alltid har vore: alle
snakkar mykje, og snakkar i munnen på kvarandre. Det er moro, sjølv
om det går litt i surr. Samfunnet endrar seg sakte men sikkert, men
borgarskapet har framleis makta. Me ventar på den neste revolusjonen,
i det minste på eit nytt maiopprør...

> Den som skuldar andre for å vere stildomar, er sjølv ein stildomar.
> I prinsipiell forstand er den som kritiserer andre for å føre
> metadebattar, sjølv ein metadebattant. Altså har vi begge toga inn i
> stildomarane og metadebattantane sitt læger.
>
> Det er eit paradoks.
>
> Eg hevar begeret mitt til ein venskapeleg skål og tømer det i eit
> drag om det enn er tidleg på dag.

Tja, eg veit ikkje om eg er like innblanda, men det er ikkje
farleg så lenge me ikkje brukar all tida på metadebattar.

Lat oss skåla for dagen og for framtida, og vona at me får leva
lenge og gjera mykje.

Oddmund Garvik

PS: No har eg sete mykje framom PCen i det siste. Eg må visst ta ein
pause... og så er det "l'heure de l'apéritif". Skål igjen!