SV:_Årsmøte_i_Møre_og_Romsdal_Nei_til_EU

Olve Steinset (olves@online.no)
Thu, 20 Nov 1997 14:42:08 +0100

Lars Staurset skriv:
>Oddmund Garvik har greidd å få til ein liten EU-debatt her på forumet.
>Det er bra. At det kjem innvendingar mot det "99,99% av deltakarane"
>meiner, gjer at vi må skjerpe argumentasjonen, og det har vi godt av.
>(Eg påstår ikkje at det talet stemmer.)

Samd med deg i dette Lars, eg meinar heller ikkje at det er fånyttes, bortkasta eller meiningslaust å debattere EU her på KK-forum, tvert om. Det var eg som bringa inn talet 99,99% i mitt andre svar til Oddmund - teke frå lause lufta - poenget mitt er at skal ein føra ein debatt om EU må ein forhalde seg til realitetar og ikkje flåse dei bort slik eg meinar Oddmund Garvik gjorde i sitt fyrste svar til meg. Det er ein slik debatt om EU eg ikkje ville og framleis ikkje vil delta i. Det er eit utslag av Steinsetilisme og ikkje Stalinisme frå mi side :-)

Eg går heller ikkje god for at 99,99%, av deltakarane på KK-forum, er mot norsk tilknyting til EU, det er meir eit utrykk for eit ynskje.
100% våga eg meg ikkje å skrive i fore for å bli skulda for å ha gløymt Oddmund Garvik og kan hende nokre til. Ville ikkje tillegge han meiningar han kan hende ikkje har.

MHH Olve Steinset