Karl Jan Solstad (2002)

Sørsamisk opplæring ved heimeskolen

Ein undervegsrapport.

Mange sørsamiske foreldre, særlig dei som er knytte til reindriftsnæringa, har ein snart hundre år lang tradisjon for å sende barna sine til internatskole. Dei seinare åra har likevel talet på elevar som nyttar skoleinternat, gått ned. Med den nye Opplæringslova og L97 Samisk er det på same tid fleire sørsamiske foreldre som ønskjer den sørsamiske opplæringa som dei har rett til for barna sine. I 2000 kom det med økonomisk støtte frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i gang eit utviklingsarbeid med sikte på å kome fram til alternative opplegg for tilfredsstillande sørsamisk grunnskoleopplæring som ikkje baserer seg på internatskole. Nordlandsforsking fekk i oppdrag å evaluere dette arbeidet. Denne rapporten inngår som ein del av dette evalueringsarbeidet.

Skrevet av Karl Jan Solstad, Nils Ole Nilsen