«Demokrati, likeverd og lokalsamfunnet. Velferd og utdanning i ei global verd” er eit nettverkssamarbeid som har som mål å utvikle forsking og studere utviklingstrendar i lokalsamfunn med spesielt fokus på velferd, demokrati og likeverd. Dette er særlig aktualisert gjennom strukturendringar og internasjonale utviklingstrendar, slik det blant anna kjem til uttrykk i forholdet mellom skule og lokalsamfunn. Nettverket har fått økonomisk støtte fra Forskingsrådet v/DEMOSREG for perioden 2014 – 2016.

Forskarar i nettverket har gjennomført datainnsamling i fire ulike bygdekommunar i Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Nordland der skular og lokalsamfunn i varierande grad er inne i endringsprosessar med følgjer for velferd, demokrati og likeverd.

Forskarane vil presentere funn frå datainnsamlinga på konferansane Kleinschulgipfel – Small Schools Conference (Brixen/Bressanone), Bolzano, 28-30 august 2014 og den tredje Nordic Conference for Rural Research i Trondheim, 8-10 september 2014.

 

Deltakarar i nettverket:

Mariann Villa: Forskingsleiar Bygdeforskning

Agneta Knutas: Forskar/førsteamanuensis, Program for lærarutdanning, NTNU

Ragnhild Liland: Universitetslektor, Program for lærarutdanning, NTNU

Karl Jan Solstad: Professor Nordlandsforskning

Wenche Rønning: Viserektor for forsking Universitetet i Nordland/seniorforskar Nordlandsforskning

Tone Magnussen: Seniorforskar Nordlandsforskning

Trond Bliksvær: Forskingsleiar Nordlandsforskning