Om historie og ættegransking (History and genealogy)

Ord om slekt og familie
Litt om internett, slekt og personvern

Eigne prosjekt, Søre Sunnmøre

Eg har alle mine forfedre i 7 ættledd frå Søre Sunnmøre (og 3 frå Nordfjord i 8.), så granskinga er naturleg nok avgrensa til dette området. Søre Sunnmøre er kommunene Vanylven (m. Syvde og Rovde), Volda (m. Dalsfjord), Ørsta (m. Vartdal og Hjørundfjord), Sande, Herøy (m. Leikanger), Ulstein og Hareid. Har du spørsmål, kan eg kanskje hjelpe deg.
Eg har særleg arbeidd med aner frå Dalsfjord (Volda) og Ørsta (sokn) fordi bygdebøkene her er (for Ørsta: var) svært mangelfulle når det gjeld slektsopplysningar.

Anerekkjer i fem ledd for besteforeldra mine ligg her:
Farfar Sverre Ertesvåg, f. 1905, (pdf-fil, 104 kB)
Farmor Valborg Ertesvåg, f.1903 (f. Garshol) (pdf-fil, 90 kB)
Begge var fødde og budde i Ulstein.
Morfar Ivar Åmbø, f.1906 (pdf-fil, 104 kB)
Mormor Ingeborg Åmbø, f.1904 (f. Melle) (pdf-fil, 90 kB)
Begge var fødde og budde i Ørsta.
Dei viktigaste opplysningane om anene og ein del av borna her byggjer på opplysningar frå førstehandskjelder (kyrkjebøker, tinglysingar, m.m.) - så langt det er mogeleg.
I tillegg har eg ei enkel aneliste for 10 ættledd før meg, men mange opplysningar der er ikkje verifiserte.

Eg har samla dokumentasjon (dvs frå primærkjelder) om slektstilhøve for nokre hundre personar (slektningar) på 17- og 1800-talet, særleg frå Volda, Ørsta og Herøy. I tillegg har eg einskildopplysningar om ein del fleire (nokre tusen) andre personar som eg kanskje/truleg er i slekt med.

Lista nedanfor skal etter kvart verte eit oversyn over ulike kjelder og innhaldet i dei:

  Bygdebøker frå Søre Sunnmøre -- eit oversyn
  Rettingar og kommentarar til bygdebøkene  
  Lokalhistorisk bokhylle
  Gardar på Søre Sunnmøre (ordna etter eldre sokn/bygdebok)  Gardar på Nøre Sunnmøre (orda etter eldre sokn)
  Grenser for prestegjeld, sokn og kommuner frå 1600 til i dag
  Kyrkjebøker (om kva slag opplysningar dei inneheld)
 

Avskrifter m.m.

  Lærarlistene, "alt folk" i Ulstein prestegjeld 1835 (avskrift m.m.)
  Kyrkjeboka for Ulstein prestegjeld 1833-1847, Konfirmerte og Døde, Digitalarkivet
  Utdrag frå kyrkjeboka for Ulstein 1777-1804 og 1810-31, årleg innsendt av soknepresten til Sjøinnrulleringa i Bergen
  Sylvskatten 1816, Ulstein skipreide (avskrift)
  Kyrkjeboka, Volda 1741-1760 (avskrift)
  Kyrkjeboka for Herøy 1731-1766 (avskrift, Digitalarkivet)
  Kyrkjeboka for Herøy 1767-1788 (avskrift, Digitalarkivet)
  Manntal frå Ekstraskatten 1762 Ulstein prestegjeld, med av- og tilgangsliste (avskrift)
  Manntal for Ekstraskatten 1762 Søre Sunnmøre, med av- og tilgangsliste (avskrift). Digitalarkivet
  Skoskatten 1711 Sunnmøre, hovudmanntalet (avskrift)
  Manntalet 1701 Sunnmøre (avskrift)
  Prestemanntalet 1666 for Sunnmøre (avksrift, innsendt til Digitalarkivet)
  Koppskatten 1645, Sunnmøre   (avskrift)
  Lensrekneskap 1626 (Odelsskatt, leidang, tiende), Sunnmøre   (avskrift, under korrekturlesing, kjem om litt)
  Skatteliste ("Pengeskatten"), Sunnmøre 1603 (avskrift)
  Lensrekneskapen 1606/07, Sunnmøre Leidang, tiende, landskyld, bygsel, toll, sakefall. (avskrift)
  Prestemanntalet 1664 for Sunnmøre. Avskrifta er utan personnamna (berre sokn, gardsnamn, skyld og brukartal). Manntalet dokumenterer m.a. sokneinndelinga i 1664 (nesten, men ikkje heilt lik inndelinga i 1838). Eg legg ikkje ut denne avskrifta med det første - ho er for "spesielt interesserte" (som kan kontakte meg direkte).

Jordebøker 1626 for Sunnmøre (avskrifter)


Artiklar

 


Sist endra 1. septeber 2019
Ivar S. Ertesvåg HEIMESIDE