Jordebøker 1626 (1624-27) for Sunnmøre.

avskrift v. Ivar S. Ertesvåg
Først lagt ut 23. desember 2013, sist endra 10. april 2020.

Til historie/ættegransking    Heimesida


Jordebøker 1626 frå Statthaldararkivet og Lensrekneskapen.
Den allmenne jordeboka inneheld brukarnamn, skyld sånad og eigarskap for alle gardane (visse unnatak). Det vil vel seie at matrikkel (som ein del byggdebøker kallar det) er eit meir dekkjande ord.
Jordeboka for Giskegodset (1626) og adelsjordeboka for Rosenkranzgodset (1624) og andre gods på Sunnmøre inneheld gardsnamn og landskyld.
Jordebøkene for kyrkje og prestebords-godsa (1624) likeins.
Jordeboka for krungodset og Elgeseter gods er i Lensrekneskapen (Bergenhus) og gjev gardsnamn, brukarnamn og landskyld. Dette er ein inntektsrekneskap medan hine er oversyn over eigedom og forventa inntekt. Odelsjordebøkene (det er to, nesten like) inneheld namn og kor mykje kvar eig, men ikkje kvar dei eig.

Den allmenne jordeboka, kyrkjegods og prestebordsgods, odelsjordeboka og krungodset er fullstendige kjelder. Avskriftene av Giske- og adelsjordebøkene og apostelgodset er utdrag frå større dokument.


Avskriftene er i rekneark og lagde ut som .docx-filer (MS Excel 2010). Dei skal kunne lesast med MSExcel og LibreOffice (vidareføring av OpenOffice) og kanskje andre program.
Dersom du finn nokre av feila som sikkert er der... så seier du frå.

Den almenne jordeboka (matrikkelen) for Sunnmøre, 1626
Originalen i Statthaldararkivet,  Framsida;   avskrift   dokumentasjon (lagt ut 23.12.2013)
Merk: Det er ikkje fullt samsvar mellom den almenne og dei mindre jordebøkene. Det gjeld både eigarskap og landskyld. Eg skal granske dette nærare og litt meir systematisk etter kvart.

Jordebok for Giskegodset på Sunnmøre, 1626
Originalen i Statthaldararkivet,  Framsida;   avskrift   dokumentasjon (lagt ut 23.12.2013, sist endra 13.1.2014)
Denne boka inneheld også Rosenkrantz-godset på Sunnmøre (ikkje teke med, men sjå nedanfor) og nokre gardar Giske-futen Rasmus Lauritzen " kommer mig sielffer till".


Jordebok for krungodset og Elgeseter gods på Sunnmøre 1626.
- eigentleg rekneskap over innkomen landskyld, frå Lensrekneskapen 1625-26
Avskrift (lagt ut 27.12.2013)

Jordebok for Rosenkrantz-gods på Sunnmøre 1624
(Jacob, Sophia og Anne Rosenkrandtz sine arvingar)-utdrag for Sunnmøre  Framsida   Avskrift (lagt ut 23.12.2013)

Andre adelsjordebøker med innslag frå Sunnmøre 1624-27 ,  avskrift utdrag (lagt ut 4.jan.2014, sist endra 13.jan.2014)

Jens Bjelke http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39894/4/    
bilete 19-20: "Paa Sundmøhr" http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39894/19/    "I SpillckenWiigh"  2 v. fisk

Gunde Lange "til Souffdegaard" http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39894/55/
bilete 78 "Sundmørd Lehn" http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39894/78/    6 gardpartar

Claus Brockenhuus  http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39894/87/
bilete 88-90 Sundmøer http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39894/88/   19 gardpartar

Gerlof Nettelhorst  http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39894/115/
bilete 154, under "Romsdalen"(!)   http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39894/154/  finn vi 2 gardar frå Sunnmøre 

Daniel Ottesøn Bildt, august 1627 (Lungegardsgods)
Framsida - Sunnmøre len
Her er det berre éin gard: "Quallnees", 6 våger fisk - skal truleg vere Kvalsund (Herøy).
I den allmenne jordeboka er Kvalsund og Brekke i Nerøy skipreide "Lungardsgods"
I tillegg forvaltar Daniel gods etter Frue Appellone Lunges..., med to gardar: Nøre-Sande og Holte.

Det kan vere fleire adelsgods som har gardpartar på Sunnmøre - det er desse eg har funne så langt.

Jordebok for "Apostelgodset", Domkyrkja i Bergen - utdrag for Sunnmøre: 5 gardpartar
Framsida   Avskrift (lagt ut 27.12.2013)

Innkomster til kyrkjene på Sunnmøre, 1624
http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39909/101/    Avskrift  (lagt ut 13.jan. 2014)

Innkomster til prestebord på Sunnmøre, 1625
http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39909/123/   Avskrift  (lagt ut 13.jan. 2014)

Jordebok Margareta-kyrkja (Borgund)
 http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39909/150/  Avskrift  (lagt ut 13.jan. 2014)

Hospitalsgodset, St.Jørgen Hospital i Bergen (1621?)
Avskrift på sidene til Bergen bymuseum.

Odelsjordebøker, bønder og borgarar
Her har vi to jordebøker som er nesten like - bortsett frå skatten.
Lensrekneskapen for Bergenhus, L0042/0001/0001 Landskatt til pinse 1626: Sunnmøre.  Framsida    Avskrift (lagt ut 2.jan. 2014)
Statthaldararkivet, Jordebøker til utlikning av rossteneste 1626, Sunnmøre.  Framsida
Avskrifta er frå lensrekneskapen, men i tillegg er plassering og avvik i statthaldar-jordeboka registrerte.
Lensrekneskapen reknar landskyld i mellag, medan statthaldar-jordeboka reknar alt i fisk. Det er nokre mindre avvik og eit par større.