Kjell Budal

Kjell Budal (fødd 5.juni 1933, død 9.februar 1989) er internasjonalt kjent som ein forskar på utnytting av havbølgjeenergi. På fleire måtar blei Budal sine idear banebrytande og retningsgjevande i arbeidet med utvikling av bølgjekraftverk. Han peika sterkt på at dei enkelte bølgjeabsorberande innretningane bør vera små (såkalla punktabsorbatorar) for at forholdet mellom investeringskostnaden og energiproduksjonen skulle vera relativt låg. Budal såg snart at det var viktig med optimal styring av svingerørsla til punktabsorbatorane. Han var også tidleg ute med ein teori for eit system av mange punktabsorbatorar (Journal of Ship Research, 1977, Vol. 21, s. 248). Hans forslag om å få til "kunstig resonans" eller "fasestyring" med periodevis fasthalding av det bølgjeabsorberande svingesystemet er velkjent. Seinare arbeidde Budal m.a. med bølgjekrefter på ein neddukka horisontal sylinder, som roterer om eigen akse.

Kjell Budal voks opp i Kopervik på Karmøy og tok examen artium i 1953 ved Rogaland off. landsgymnas. I 1958 fullførte han sivilingeniøreksamen ved NTH, linja for teknisk fysikk. Sidan var han forskar og universitetslærar. Dei første åra var han vitskapleg assistent, NAVF-stipendiat og høgskolestipendiat i fysikk ved NTH. Då arbeidde han m.a. med akustisk strålingstrykk og med prinsipp for å måla banar for elektrisk ladde partiklar. I 1964 og 1965 var han forskar i SINTEF, avdeling for Reguleringsteknikk, for å konstruera instrumentprototypar basert på sin ide til optisk registrering av membranrørsle. I tillegg arbeidde han med eit nytt prinsipp for fargefjernsyn. Deretter var han i nær to år (1.10.65-1.9.67) "Research Associate ved CERN i Genève, der han arbeidde med utvikling av ein monitor for protonstråle. Etter tida ved CERN fekk Budal stilling ved Institutt for eksperimentalfysikk, NTH først som høgskolelektor i fysikk og frå 18.6.1971 som førsteamanuens. I førstninga arbeidde han då m.a. vidare med å byggja prototypar av mikrofon med optisk registreringsmetode. Gjennom meir enn 20 år var Budal ein framifrå førelesar for fysikkstudentane ved NTH.

Kjell Budals arbeid ved CERN er nemnt i Universitetsavisa nr.22., 17.12.1992, der K. Olaussen skriv om Nobelprisen i fysikk tildelt Geoges Charpak "for hans oppfinning og utvikling av partikkeldetektorer, spesielt flertråds proporsjonalitetskamre". Her står at oppfinninga blei gjort ved CERN i siste halvdelen av 1960-talet. Det er også nemnt at Kjell Budal var ved CERN i den tida Charpak utvikla sine idear. "Det er interessant å lese et arbeid av Budal i 1967. I dette blir flere sentrale aspekter av betydning for moderne partikkeldetektorer (også trådkamre) behandlet."

Kjell Budal var ein kreativ og initiativrik forskar som leverte ei rekkje forslag til metodar, konstruksjonar og innretningar for å løysa tekniske problem. Han blei også opphavsmann til ein del patent. Med sitt initiativ, både i 1973 og seinare, var han ein pådrivar for å få sett i gang forskings- og utviklingsarbeid med bølgjekraftverk.

J.Falnes 1997-03-06