NTNU Vitskapsmuseet, Institutt for naturhistorie

[English]

Beskrivelse: Foto av Egil Ingvar AuneEgil Ingvar Aune

Forsking og tilknytta gjeremål:

Hovudinteressa mi har vore skogøkologi med vekt på plantesamfunna (plantesosiologi) og deira dynamikk og økologi (spesielt jordsmonnet). I 1970-åra utførte eg mange undersøkingar med kartlegging av flora og vegetasjon (skog, myr, fjell) i samband med planlagte naturinngrep og arealplanlegging. Sist på 1980-talet og først på 1990-talet var eg også med i forsking på verknader av forureining (sur nedbør og verknaden på jord og planter i skog, og i nokon grad verknader av moglege klimaendringar). I løpet av dei siste ti åra har eg delteke i studiane av biomasse og næringsbalanse i Sølendet naturreservat (den daverande "kulturlandskap-gruppa", leia av professor Asbjørn Moen), i et par av institusjonen sine skogøkologi-prosjekt og kartlegging av biologisk mangfald i kommunane. Alt i hovudfagsoppgåva mi (1970) tok eg i bruk edb-baserte metodar i vegetasjonsøkologien og har sidan arbeidd for (ein fornuftig) bruk av edb-verkty i vegetasjonsøkologi og i botanikken elles, spesielt samlingsdatabasar. I 1980- og 1990-åra var eg hovudrettleiar for tre hovudfagsstudentar (cand.scient.) og medrettleiar for fire.

Nokre publikasjonar:

I internasjonale tidsskrift:

Rapportar og populærvitskaplege publikasjonar:

Til toppen av sida

Beskrivelse: brun strek
Dette er ei "privat" heimeside med Egil Ingvar Aune som ansvarleg for innhaldet,
Kontaktadresse:
Egil.Aune@vm.ntnu.no Sist oppdatert: 01.03.2003