Den mystiske UFO-ringen

Gå til: StartsidaLenkerEsperantoNorsk fotballhistorieNorsk grammatikkSyklingTekstar


Trykt i Kontakto, nr. 4/1999. Omsett frå esperanto, original tittel: NIFO vizitis Norvegion.


I 1975 dukka det plutseleg opp ein stor, oval sirkel på eit jorde på øya Espevær ved Bømlo. Endå har ingen greidd gjera greie for korleis han kom dit. Ein har skulda på born, mopedar, sopp og til og med kaniner - men øybuarane er sikre på at dei fekk besøk av ein UFO.

Foto frå http://home.tiscali.no/oask1/ufo/ Det var nokre soppsankarar som oppdaga ringen den 7. oktober 1975. På den staden der øybuarane feirar St. Hans, var det plutseleg ein stor oval sirkel. Han var 26 m lang, 14 m brei og 63 m i omkrins. I det 30 cm breie sporet var graset flatt, men levande, medan graset både inni og utanfor ringen stod normalt. Fyrst trudde ein at det var born som hadde dansa leikaring, men overalt låg graset i den same retninga, noko det ikkje hadde gjort om det var trødd flatt (prøv sjølv!). Det viste seg g at sjølve sporet var trykt 5-10 cm ned i bakken, som om noko digert hadde stått der.

Vinteren kom, og snøen skjulte ringen. Men på våren var ringen like tydeleg. Meir og meir blei det snakka om UFOar. Det ein gong så livlege fiskevret blei nok ein gong senter for stor merksemd. Aviser, radio, TV - alle snakka om den mystiske ringen. Men alle forsøk på logiske forklaringar på korleis ringen oppstod, stranda anten på grunn av dei ekstreme måla på ringen eller på grunn av at jordet både er lite og vanskeleg tilgjengeleg frå alle kantar.

I april 1976 annonserte Bergens Tidende at mysteriet var løyst! Finn-Egil Eckblad, dosent i biologi sa: "Eg er 99% sikker på at det handlar om sopp som sug vatnet ut or jorda og slik lagar ringar som den på Espevær." Øybuarane var avventande og UFO-ekspertane rasa, fyrst og framst fordi Eckblad aldri hadde vore og sett ringen. Dei meinte at teorien hans passa dårleg med forma på ringen og det at ringen oppstod så brått. Og ganske rett: testar av bakken viste ingen spor av sopp, og etter å ha sett ringen, trakk Eckblad hypotesen sin tilbake.

Etterpå dukka det opp mange teoriar, den eine meir fantasifull enn den andre. Den mest spesielle var utan tvil den om at kaniner hadde laga ringen som ein del av paringsritualet sitt! Denne teorien blei kortliva etter at ein øybuar forsikra: "Det finst ikkje kaniner på Espevær, og det ville vore ein verkeleg sensasjon om kaninene symde sju kilometer i sjøen og deretter sprang rundt i ring så lenge at bakken senka seg. Og alt dette berre for å para seg!"

Samstundes kom det rapportar om andre unormale opplevingar. Ei haustnatt på den tida ringen blei oppdaga, gøydde ein hund febrilsk utan nokon naturleg grunn, noko han ikkje hadde gjort korkje før eller seinare. På den same tida såg g eit skip eit merkeleg lys på himmelen. Ein knytta sjølvsagt straks desse rapportane til den mystiske ringen. Og slik lever mysteriet vidare i dag, 27 år seinare.

Ringen er framleis godt synleg, sjølv om han forsvinn gradvis. Mange turistar fylgjer dei små skilta med "UFO" for å avgjera sjølv kva dei skal tru. Ja, kva skal ein tru? Mykje ved sporet tyder på at noko har landa der. Noko svært stort med ein omkrins på 63 meter og ei vekt på 50-60 tonn. Og ein slik gjenstand kunne berre ha kome til jordet frå lufta. Det einaste teiknet på at noko har rørt seg, er forresten nokre små riper - i steinane! Fagfolka synest å ha gjeve opp å finna biologiske eller andre vitskaplege forklaringar på fenomenet.

Og mens me klør oss i håret, er andre sikre i si sak. I eit intervju sa Finn W. Kalvik frå UFO-Norge: "Viss nokon viser meg eit jordisk fly med eit ovalt understell som er 26 m langt og 14 m breitt og med ein omkrins på 63 m, og som kan landa og ta av vertikalt, så skal eg tru på det. Viss ikkje, er min teori at eit utanomjordisk farty har vore på Espevær."

27 år etterpå har korkje Kalvik eller motstandarane hans greidd å bevisa noko som helst. Og mens me ventar på løysinga, inviterer ringen gjestene til livleg fantasering.

[Meir om UFO-ringen p Espevær her]


© Kjell H. Ullestad - sist oppdatert 03.05.03