Re: Humoristisk protest-T-skjorte

From: Ola Svein Stugu (ola.stugu_at_hf.ntnu.no)
Date: 04-10-01


Trond Andresen gjekk i si tid til val til kollegiet på eit program om å
vere kritisk vaktbikkje i høve til disiplinerande og einsrettande tendensar
i universitetsstyringa, og han fekk ein god del stemmer frå Dragvoll på
dette grunnlaget. Eg synest ikkje han representert denne delen av
veljargrunnlaget sitt noko særleg godt i det siste. Påfunnet med ei
NTH-nostalgisk T-skjorte viser også at han ikkje representerer heile
Gløshaugen. For det er trass i alt langt meir enn gamle NTH som er
lokalisert på Gløshaugen. Likninga "NTH=Gløshaugen" gjer seg nok fint som
retorikk, men prøvar ein å erstatte ledda med reelle storleikar, går det
ikkje i hop. Ein "overkjøring av Gløshaugen"-retorikk som i realiteten
utdefinerer og usynleggjer alle frå Gløshaugen som ikkje er samde med
Andresen og dei som meiner som han, ligg i alle fall eit godt stykke unna
dei normar for saklegheit og logikk som eg trudde skulle gjelde ved eit
universitet - og som eg trudde galdt ved gamle NTH også. Slutt i alle fall
med å grumse til motsetningane og rote opp unødvendige
Dragvoll-Gløshaugen-antagonismar!

Ola Svein Stugu

   At 10:50 04.10.2001 +0200, you wrote:
>Etter 1 mot 12 - resultatet i siste seriekamp i styrerommet, Hovedbygget:
>Jeg har vært gjennom en kreativ og kritisk
>kunstnerisk prosess, og har nå tatt sjansen på å få produsert 25
>T-skjorter med følgende motiv, se
>http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/dwnld/t-skjorte5.pdf
>
>Ideen oppsto som en følge av den overkjøring av Gløshaugen som har skjedd
>ved gjentatte anledninger i min kollegieperiode, og som toppet seg med
>omorganiseringsvedtaket på siste K-møte*.
>
>T-skjortene er marineblå eller svarte med hvite tegninger
>-- og skikkelig kvalitet!
>Jeg har bestilt størrelsene L, XL, XXL.
>Pris er selvkost, kr. 93.
>
>Her gis du en kreativ måte å markere ditt syn på -- ikke minst nå
>i valgkampinnspurten på Rektor og nytt Kollegium!
>
>Ellers må du gjerne spre nyheten til kolleger/(med)studenter, slik at
>jeg kan bli trygg på at opplaget går ut. Send meg en e-post
>med størrelse og fargeønske (svart eller blå).
>
>Trond Andresen
><trond.andresen_at_itk.ntnu.no>
>
>____
>
>*Noe lignende har etter min oppfatning skjedd med Museet, og til dels
>PLU, men de må i tilfelle produsere sine egne protest-T-skjorter!
>;-)
>Og til dere dragvollianere som leser dette -- det er den rådende vind
>i Hovedbygget protesten retter seg mot, ikke dere. Mitt ønske er
>et fornuftig ledet NTNU. Men ønsket var en gang to samarbeidende,
>autonome universiteter.

----------------
Ola Svein Stugu
Historisk institutt
NTNU
N-7491 Trondheim
ola.stugu_at_hf.ntnu.no
tlf. +47 73 59 82 05, fax +47 73 59 64 41,



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET