Re: K-rådet: Hemmelig nominering av fire eksterne

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 20-09-01


On Thu, 20 Sep 2001, Trond Andresen wrote:

> K-rådets arbeidsutvalg hadde på våre bord lagt ut ei innstilling på
> 8 navn som jeg ikke får lov å referere, men alle er direktører/sjefer og fem
> bor i Oslo-området.

Hm. Det minner meg om St.meld. nr. 24 (1995-96), der KUF gjekk med på at
NTNU skulle ha berre to eksterne representantar i styret, men då under den
føresetnaden at NTNU skal ha «et nært samarbeid med næringslivet». «I
tillegg vil departementet be forslagsstillerne om at de bl.a. fremmer
forslag på personer med næringslivsbakgrunn til styret for NTNU.»

Skuleverk og kultur er sjølvsagt ikkje nemnt. Men so vart då heller ikkje
NTNU-saka send på høyring til Kulturdept. heller, berre til Næringsdept.

Det er difor med glede eg registrerer at somme personar i NRK radio den
dag i dag omtalar Dragvoll-delen av universitetet som Universitetet i
Trondheim. So er me ikkje _heilt_ usynlege her på vollen.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET