Re: ikkje lenger student

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 12-09-01


On Wed, 12 Sep 2001, Håvard Ravn Ottesen wrote:

> Det er nok rett som du skriv at du ikkje lengre er student. Derimot er du
> doktorgradsstipendiat.

Eg er i ein studiesituasjon. Om eg då er finansiert gjenonom stipend (og
kan kalla meg stipendiat) eller på andre måtar, er irrelevant.

> Diverre medfører dette tap av
> enkelte rettar studentar har - men argumentet for å likevel gå for ei
> fristilling av stipendiatane var at ein dermed hadde eit reellt argument
> for å kreva status som tilsatt og ikkje ein mellomting.

Eg veit ikkje kva du meiner med «fristilling av stipendiatane», om ikkje
nettopp det å skilja ut dei stipendfinansierte doktorgradsstudentane i ei
gruppe som ikkje passar inn nokon stad.

Doktorgradsstudentar kan forresten _aldri_ krevja status som tilsette. Dei
kan i høgda vera _mellombels_ tilsette, og det er jo formelt sett
mellombels tilsette dei har vore lenge, jamvel før du dreiv og arbeidde
med denne saka i 1998. Eg kan difor ikkje tolka deg annleis enn at du
ynskjer at dei doktorgradsstudentane som vert finansierte gjennom stipend,
skal få _fast_ stilling. Det er jo ein hyggjeleg tanke, men sjølv eg
skjønar at det ikkje lèt seg gjennomføra i praksis.

> At so ikkje er fylgd opp av universiteta og departement er leit. DION bør
> på grunnlag av nett dei tankane ein hadde i 1998 krevja merie status for
> det arbeidet en gjer (herunder løn).

Du meiner at DION skal gå inn i lokale lønsforhandlingar med dei einskilde
fakulteta? Mitt fakultet har ikkje råd til slikt. Eller meiner du at DION
skal kalla inn til lønsforhandlingar med universitetet sentralt? Trur du
at universitetet vil møta? Eller kanskje DION skal kalla inn til
lønsforhandlingar med den instansen som i kvart tilfelle måtte stå for
finansieringa av doktorgradsstudentane? I mitt tilfelle er det NFR. Eller
meiner du at DION skal føra lønsforhandlingar på vegner av
fagforeiningane? Det er Akademikarane som forhandlar på mine vegner, men
dei har ikkje vore spesielt heldige med stipendiatløna.

Skal DION få Akademikarane til å forhandla fram gode avtalar for
doktorgradsstudentane i Trondheim, men ikkje Oslo?

Korleis var det du tenkte deg at dette skulle løysast reint praktisk?

Og kvar gjer foreldra av borna sine no?

[reprise]
> At so ikkje er fylgd opp av universiteta og departement er leit.

Somme av oss hadde eit liv ogso før 1998, og veit at «fyrst gjev me slepp
på alle fordelane våre som A betaler for oss, og so kan du, B, gjeva oss
andre fordelar i staden» ikkje fører fram.

> Ein bør tenka seg vel og lengje om
> før ein seier at alt var so mykje betre før og igjen krevja studentrabatt
> med meir.

Eg har tenkt meg om både vel og lenge, ikkje minst fordi eg allereie har
vore i denne studiesituasjonen i nokre år. Løysinga vil vel verta å
registrera meg proforma på eitt eller anna emne, og passa på å trekkja meg
frå eksamen i god tid.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET