ikkje lenger student

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 12-09-01


Hm. Eg er doktorgradsstudebnt. Det vil seia. Me er visst ikkje studentar
lenger. Frå og med i haust.

Rykte har jo gått om at folk på doktorgrad ikkje lenger skulle få nyta
godt av studentstatusen, som studentheimar, barnehage og rabattar.
Konsekvensane er sjølvsagt store for dei som ikkje lenger kan bu eller
setja frå seg barnet nokon stad. Og med tanke på at stipendiatane tener
dårlegare enn både timelærarar på universitetet og lektorar i skuleverket,
so er det uhyggjeleg å tenkja på.

So rykta har jo gått. Men informasjon har ikkje kome. Ikkje før eg no
prøvde å registrera meg.

Eg bur heldigvis på ein nokso billeg hybel. Privat, ja. Og eg har
heldigvis ikkje born. Og i augo åt Forskarforbundet er eg heldigvis ein
slags student, slik at kontingenten er redusert. Og som doktorgradsstudent
studerer eg, og kan ikkje taka på meg for mange ekstrajobbar.

Hm, sa eg doktorgradsstudent? Hm, eg meinte doktorgradsstipendiat.

Ikkje er eg student, og ikkje er eg skikkeleg tilsett. Eg berre er. På
sett og vis er eg mellombels tilsett, men skikkelege mellombels tilsette
folk mottek i alle fall løn frå universitetet sjølv. Eg mottek løna frå
NFR, berre _via_ universitetet. Og skikkelege mellombels tilsette mottek
meir løn.

Ingen vil ha meg, tydelegvis. Universitetet vil i alle fall ikkje ha meg.
I alle fall ikkje so lenge det tener pengar på at eg er stipendiat. Ikkje
eingong kompetansen min vil universitetet ha, for eg høyrer berre til
halvparten av kompetansen til universitetet. Det er den andre halvparten
som er viktig, og som skal ha kompetansekatalogar på nettet.

Nei. Eg ynskjer meg eit universitet, eg. Ja, det hadde vore noko. Tenk om
me hadde hatt eit universitet her i byen. Om eg vann ein milliard kroner,
skulle eg ha kjøpt Dragvoll og grunnlagt Trondheim provate universitet. Og
der skulle me ha studentar. Og me skulle ha tilsette. Og forskarane skulle
forska, for dette skulle vera eit universitet, og ikkje «Trondheim
offentlege omstillingssenter» med variabel instituttstruktur og sjefar frå
Hydro.

No bannar eg snart.

Eg tek det i rot13, eg.

Sl sna.

Sånn.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET