Re: Gløshaugen som ingeniørhøyskole?

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 31-01-01


On Wed, 31 Jan 2001, Trond Andresen wrote:

> Hvis NTNU
> skulle tilby et tre-årig løp, må hele studieplanen for 1.- 3- årskurs
> omkalfatres, og det til et opplegg som vil innebære en betydelig nivåsenking
> i basisfag som matematikk, fysikk, kjemi, elektro m.fl..

Nivåsenking er ikkje akkurat noko nytt, diverre... Men på politikarspråk
heiter det noko anna, nemleg effektivisering.

På Dragvoll òg ser overgangen til 5 år stygg ut. Med dagens 6-årige
opplegg for hovudfag er cand.mag. på 80 vekttal/4 år. Desse kan då fyllast
opp slik:

10 vt. ex.fax.
30 vt. det faget som ein skal taka hovudfag i
20 vt. eit anna fag
10 vt. endå eit anna fag, ev. mellomfag på det førre faget
10 vt. pedagogikk (PPU1; PPU2 på 10 v. kjem utanfor graden)

Fjernar me eit år, vert det ikkje plass til meir enn eitt mellomfag. I
tillegg kan ein taka 10 vekttal på eit anna fag. (Eventuelt kan ein taka
to grunnfag, men då vert det ikkje hovudfag på kandidaten.)

Om dei som ivrar for å vera tverrfaglege, ropar hurra for dette, veit eg
ikkje. Men fagkompetansen til dei framtidige lektorane ser ikkje so veldig
innbydande ut.

Eg er glad eg er ferdig med vidaregåande, eg.

Det er sjølvsagt mogeleg å taka fleire fag enn det som normert tid skulle
tilseia, men då protesterer Lånekassa.

Jardar
(som har tre fag på minimum 20 vekttal)



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET