Re: NTNUs økonomidirektør gir opp

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 17-11-00


On Fri, 17 Nov 2000, Bjørn B Larsen wrote:

> Imidlertid så finnes det ansvarsområder, og så lenge en person eller en
> gruppe har et ansvar, så er det opp til disse å utøve dette ansvaret.
> Dersom de handler feil, så må det få konsekvenser for disse i neste omgang.
> Kollegiet kan ikke tilrane seg UDs ansvar.

Når spørsmålet er: «Kva i all verda er det som har hendt med
rekneskapssystemet, og kva er det som gjer at ØD vel å gå av?», so er det
openbert ØD sjølv som er den rette å stilla spørsmålet til. At ØDs
arbeidsgjevar i ein slik situasjon skal vera nøydd til å forhalda seg til
andrehandsinformasjon, har ikkje noko med UDs ansvar å gjera. UD er
overordna ØD, men er neppe kompetent til å svara på eit tilfeldig sett med
spørsmål som arbeidsgjevaren, Kollegiet, måtte koma til å stilla.

Det er difor veldig uheldig dersom det er slik at arbeidsgjevaren ikkje
skal ha høve til å stilla spørsmåla sine til den fagpersonen og den
tilsette som spørsmåla direkte gjeld.

Men dette er jo ikkje noko nytt her på huset. Me hugsar alle då kollegiet
ikkje måtte få vita kva redaktøren meinte om den saka som galdt
redaktøren, fordi tenestevegen skulle vera å høyra på ein UD som i alle
fall ikkje ville fortelja kva redaktøren meinte om den saka som galdt
redaktøren.

Eg ventar då i namnet åt sømd og synd og skam at kollegiet vel å forlata
møtelokalet neste gong kollegiet skal taka opp ei sak som gjeld kollegiet.
For ein kan jo ikkje høyra kva den som saka gjeld, har å koma med av
opplysningar og informasjon.

Ja, hadde endå rektors einevelde vore opplyst. Skam!

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET