Re: NTNUs økonomidirektør gir opp

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 16-11-00


On Thu, 16 Nov 2000, Tore R. Jorgensen wrote:

> I denne alvorlige saken vil det forkludre ansvarsforholdene hvis Kollegiet
> skal veie sol og vind mellom U.dir. og en økonomidirektør som slutter ved
> at økonomidirektøren skal redegjøre i Kollegiet.

Dersom u.dir. ikkje tåkelegg eller fordreier noko, skulle det ikkje vera
noko problem om øko.dir. forklåra seg. Tvert imot kunne dette vera både
utfyllande og informativt.

Ansvarsforhold og ansvarsforhold, fru Blom. Kollegiemedlemene er
folkevalde, medan direktørane er administrativt tilsette. Dersom dei
folkevalde er underordna dei tilsette, bør u.dir. vera den rette og
einaste å forhalda seg til. Elles bør det vera mogeleg å gjera som
Stortinget, når dei bed den øvste sjefen i forvaltninga av gjevne område
om å forklåra seg. Då er det dei ulike fagministrane som svarar, ikkje
statsministeren. Og om stortingspresidenten sa som vår kjære, strategiske
rektor, at ein spesifikk statsråd ikkje skulle få lov til å forklåra seg
for Stortinget, so hadde det sanneleg vorte bråk.

Dette universitetet og denne rektoren er ein parodi.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET