Re: Universitetsavisa

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 23-05-00


On Tue, 23 May 2000, Tore R. Jorgensen wrote:

> Hvordan ville det virket dersom det
> sør-afrikanske regimet kunne undertrykke Universitetets syn ved å ha en
> uavhengig Redaktør på sin side ?

Det einaste me har sett av dette til no, er vel rektor Spjøtvolls ommelde
freistnad på å sensurera bort ei opplysning i ein kritisk artikkel om
samarbeid mellom NTNU og Indonesia i september 1996. UA nemnde der at dei
indonesiske representantane hadde lagt fram krav om at NTNU-personell
ikkje skal leggja seg opp i politiske forhold når dei er i
Indonesia. Kravet vart avvist, men vart altso nemnt i UA.

Under Dusken kunne seinare fortelja at «flere og uavhengige kilder» hadde
opplyst at rektor Spjøtvoll «har gitt uttrykk for at denne informasjonen
som setter Indonesia i et dårlig lys, ikke burde komme frem i
Universitetsavisa».

So langt eg kan sjå, har Spjøtvoll enno ikkje dementert dette.

UA har vist seg som ein forsvarar av det frie ordet, på same måten som det
sørafrikanske universitetet var i opposisjon til apartheid-politikken. Med
eit so marknadsorientert universitet som me no har i Trondheim (og som me
jamvel er pålagde av Storting og departement å vera òg), og med dei
verkemidla som me ser at leiinga tillèt seg å taka i bruk (eksemplifisert
gjennom Spjøtvoll i 1996), so er det ikkje tvil om at i samanlikninga med
dei sørafrikanske tilstandane vil NTNU svara til regimet og UA til dei
opposisjonelle universitetet med fri meiningsutveksling og kritisk blikk
på (universitets-)samfunnet.

Kunne UA underlagd infoavdelinga ha fortalt oss kva slags folk me
samarbeider med? Eg tippar at med avhengig (ikkje uavhengig) redaktør
ville me som er tilsette eller studentar her aldri ha fått vita at
samarbeidspartnarane våre i Indonesia sette fram eit slikt hårreisande
krav. Og faktisk tykkjer eg at det er minst like hårreisande at rektor
ynskte å halda denne informasjonen borte frå sine tilsette. «Me
samarbeider med nokre som kravde politisk togn frå oss, men dette må ikkje
våre tilsette og studentar få vita.»

Om Kollegiet tykkjer dette er greitt, er det ei ærleg sak. Men då tykkjer
eg òg at dei skal seia det beint ut.

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET