Re: Det privatiserte IT-vanviddet blomstrer....

From: Jens Haugan (Jens.Haugan_at_hf.ntnu.no)
Date: 05-04-00


Vedr.:

At 12:38 05.04.00 +0200, Trond Andresen wrote:
>... og hva sier NTNU? Se vedlagte nyhetsoppslag fra NTB i dag.
>
>"IT Fornebu Knowation AS" (!!!) skal altså nå
>tilby IKT-undervisning som profitabel forretning. Dette er en kapasitet
som i stedet
>kunne ha vært bygget ut ved våre universiteter, DH'er, ingeniørhøyskoler.
>
>Burde ikke NTNU (ved partifelle Rektor) nå ta kontakt med den nyutnevnte hr.
>Giske, og spørre om DNA virkelig har glemt alle ideer om at høyere utdanning
>i dette landet i hovedsak skal være et anliggende for det offentlige?
>
>Trond Andresen

        Kva seier NTNU - og når?
        Ein kjem no og då tilbake til dette med IKT og
        etter- og vidareutdanning ved NTNU, og fleire
        av oss sit kanskje og ventar på meir engasjement ifrå NTNU si side.
        Eg kan då peike på at innlegget mitt på NTNU-debatt
        den 23. februar
        http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/n-d/nye/0233.html
        og i Universitetsavisa den 24. februar
        http://www.ntnu.no/universitetsavisa/0400/debatt06.html
        ikkje utløyste nokon som helst reaksjon i form av ein debatt
        (ikkje ein gong ifrå Trond Andresen ...)
        Eg fekk éin privat e-post, og eitt personleg besøk av éin person.
        Det var altså INGEN som valde å diskutere etter- og vidareutdanning
        offentleg her på NTNU-debatt eller i Universitetsavisa på bakgrunn av det
        eg skreiv (ingen reaksjon kan i denne samanhengen kanskje òg tolkast
        som ein reaksjon på mitt innlegg ...).
        
        Eg personleg driv allereie med IKT-basert etter- og vidareutdanning
        i regi av Senter for etterutdanning/ALLFORSK, og meiner heilt klart
        at ein bør satse på dette. Men no når det bl.a. er bestemt at ALLFORSK
        skal leggjast ned, er det vel meir usikkert om dei 4-5 prosjekta eg er
        involvert i, vil kunne gjennomførast.
        NTNU veit heller ikkje enno korleis ein skal handtere dette.
        Det er vanskeleg å be folk om å søkje på kurs som kanskje ikkje
        kjem i gang - og i mellomtida går "kundane" kanskje over til private
tilbydare.
        Vi som er engasjerte i etter- og vidareutdanning, søkjer derimot
        etter ein arbeidsgjevar som ønskjer å satse på dette.
        Utifrå eit kundeperspektiv er det derfor kanskje bra at det faktisk finst
        alternativ så lenge NTNU treng tid til å finne ut kva ein eigentleg vil.
        Og utifrå perspektivet til oss som brenn for IKT-basert etter- og
vidareutdanning,
        er det kanskje òg bra at det oppstår nye arbeidsplassar med klare mål ...

        Jens Haugan
        
        
        



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET