Re: Studiehåndboka bare på veven?

From: Jardar_Eggesbø_Abrahamsen (jardar_at_nvg.ntnu.no)
Date: 08-01-00


> Hva sier ansatte og studenter til dette forslaget?

Denne tilsette tykkjer det kan vera utruleg praktisk å ha Studiehandboka
på papir. Det er enklare å berre blafra gjennom på jakt etter noko som
ein ikkje alltid er heilt sikker på kva er. Og det er lettare å taka med
seg boka på instituttstyremøte, t.d. for å samanlikna ulike studieplanar,
enn det er å springa fram og tilbake for å taka utskrifter kvar gong ein
ynskjer å spontant skoda litt til andre institutt.

For studentar som lurer på kva dei skal studera seinare, er det òg mykje
meir praktisk å leggja seg i senga med Studiehandboka enn å kosa seg på
ein overfyld datasal.

Pengar kostar det sjølvsagt. Men kanskje det er verdt det?

Jardar



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 20-12-01 MET