SV: www.demokrati.com...

From: Ottar Birkeland (ottar.birkeland@redcross.no)
Date: Wed Apr 12 2000 - 12:19:04 MET DST

  • Next message: tuxon@ifrance.com: "Re: Falsk hestesko"

    Eg er heilt enig i at Internett kan hjelpe folkeleg aktivisme. På den linken
    som Nærum kjem med er det omtalt ein nettstad som tilbyr folk informasjon om
    dei største miljøsyndarane i nabolaget slik at folk sjølve kan protestere.
    Det er ein god måte å utnytte den nye teknologien. Dei som blir oversvømt at
    mail, faxar, telefonar og sinte brev er forurensarane.

    Men det som starta denne diskusjonen var eit kjedebrev der ein skulle skrive
    seg på og spre brevet vidare for så til slutt sende denne uorganiserte
    mengde av brev med 50 personar på kvar (med mange gjengangarar) til Amnesty
    eller FN eller kvar det no var.

    Dette er tull. For folk flest kjem eit slik brev i same kategori som "Win a
    holiday"-, "Get rich fast"-, "Nude celebrities"-brev og anna SPAM. Og dei
    ein ønskjer å påverke blir i alle fall ikkje meir positive til saka av slik
    søppelmail. I FN eller Amnesty får dei kanskje fulle mailservarar, men så
    installerer driftsansvarlig eit filter som ryddar vekk alle mail som
    inneheld ein sentral tekst i frå emailkampanja.

    Ottar Birkeland

    > -----Opprinnelig melding-----
    > Fra: Bjarne Naerum [SMTP:bjarne@bo.online.no]
    > Sendt: 12. april 2000 10:00
    > Til: klassekampen-forum@aksess.no
    > Emne: www.demokrati.com...
    >
    > Hei.
    > I debatten om "Underskriftskampanje/Amnesty - kvinner i Afghanistan"
    > skriver
    > Ottar Birkeland:
    >
    > >Generelt ER slike opprop søppel...
    >
    > Som Lars Staurset er jeg ikke udelt enig i dette, men jeg ser lett
    > problemene.
    >
    > Jeg kom til å tenke på følgende korte artikkel, som jeg anbefaler ALLE å
    > lese.
    > Den er en liten tankevekker i forhold til optimismen rundt "elektronisk
    > demokrati":
    > http://www.economist.com/editorial/freeforall/3-4-99/index_us4175.html
    > (The Economist, 3. april 1999)
    >
    > Beste hilsen
    > Bjarne Nærum
    >
    > -----Opprinnelig melding-----
    > Fra: Ottar Birkeland <ottar.birkeland@redcross.no>
    > Til: klassekampen-forum@aksess.no <klassekampen-forum@aksess.no>
    > Dato: 11. april 2000 13:12
    > Emne: SV: Fwd: SV: Underskriftskampanje/ Amnesty - kvinner i Afghanistan
    >
    > >Generelt ER slike opprop søppel. Alle som har jobba i eit byråkrati kan
    > vel
    > >tenke seg kor meiningslaust ineffektivt det er å sende slike lister som
    > >langsomt veks; som folk mottek fleire gonger; som ein haug med folk
    > hissar
    > >seg opp over. Men så skal altså det gode formålet motta alle desse
    > listene
    > >med ein haug med gjenngangarar som dei skal sile ut og få over i ei
    > liste.
    > >Sjølv jobbar eg med databaser og den jobben der vil eg absolutt ikkje ha!
    >
    > >
    > >I staden opprettar slike organisasjonar Web-sider der ein kan registrere
    > seg
    > >for eller mot eit eller anna. Oppfordringa om å skrive seg på er det meir
    > >naturleg å sende ut i massemail.
    > >
    > >Mail av denne typen er kjedebrev i moderne form. Dei er like kjedelige
    > som
    > >den gamle typen.
    > >
    > >Med spam-helsing
    > >
    > >Ottar Birkeland
    > >
    > >> -----Opprinnelig melding-----
    > >> Fra: Lars Staurset [SMTP:lars.staurset@statkart.no]
    > >> Sendt: 11. april 2000 12:38
    > >> Til: klassekampen-forum@aksess.no
    > >> Emne: Re: Fwd: SV: Underskriftskampanje/ Amnesty - kvinner i
    > Afghanistan
    > >>
    > >> Eg synest ikkje slike opprop generelt er søppel, men er i tvil om kva
    > >> som er fornuftig å gjere når eg mottek eit. Kan ein gjere noko for å
    > >> finne ut om det er meiningsfylt å sende det vidare? For å spore opp
    > >> kjelda, kan ein jo prøve å kontakte dei som står øvst på lista, men vil
    > >> det føre til noko, og kven har tid til slikt?
    > >>
    > >> Lars Staurset
    >
    >
    >
    >



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Apr 12 2000 - 12:24:26 MET DST