SV: Fwd: SV: Underskriftskampanje/ Amnesty - kvinner i Afghanista n

From: Ottar Birkeland (ottar.birkeland@redcross.no)
Date: Tue Apr 11 2000 - 13:09:11 MET DST

  • Next message: Ketil Wendelbo Aanensen: "Pressemelding fra SOS Rasisme"

    Generelt ER slike opprop søppel. Alle som har jobba i eit byråkrati kan vel
    tenke seg kor meiningslaust ineffektivt det er å sende slike lister som
    langsomt veks; som folk mottek fleire gonger; som ein haug med folk hissar
    seg opp over. Men så skal altså det gode formålet motta alle desse listene
    med ein haug med gjenngangarar som dei skal sile ut og få over i ei liste.
    Sjølv jobbar eg med databaser og den jobben der vil eg absolutt ikkje ha!

    I staden opprettar slike organisasjonar Web-sider der ein kan registrere seg
    for eller mot eit eller anna. Oppfordringa om å skrive seg på er det meir
    naturleg å sende ut i massemail.

    Mail av denne typen er kjedebrev i moderne form. Dei er like kjedelige som
    den gamle typen.

    Med spam-helsing

    Ottar Birkeland

    > -----Opprinnelig melding-----
    > Fra: Lars Staurset [SMTP:lars.staurset@statkart.no]
    > Sendt: 11. april 2000 12:38
    > Til: klassekampen-forum@aksess.no
    > Emne: Re: Fwd: SV: Underskriftskampanje/ Amnesty - kvinner i Afghanistan
    >
    > Eg synest ikkje slike opprop generelt er søppel, men er i tvil om kva
    > som er fornuftig å gjere når eg mottek eit. Kan ein gjere noko for å
    > finne ut om det er meiningsfylt å sende det vidare? For å spore opp
    > kjelda, kan ein jo prøve å kontakte dei som står øvst på lista, men vil
    > det føre til noko, og kven har tid til slikt?
    >
    > Lars Staurset



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Tue Apr 11 2000 - 13:14:06 MET DST