Medan det såkalla "Antikrigsnettverket" mobiliserer til demonstrasjon
"på NATO-krigens ett års dag", lanserer filosofen André Glucksmann og
filmregissøren Romain Goupil eit internasjonalt opprop mot den russiske
krigen i Tsjetsjenia. Berre nokre dagar før første runde i det russiske
presidentvalet, søndag 26. mars, der Putin har gode sjansar til å vinne,
har dei oversendt ein tekst til Le Monde, saman med ei liste over dei
første to hundre underskrivarane frå seksten europeiske land.
Titelen på teksten er «Groznyj rasert, kroppar torturerte, eit folk
knust...Noko grusomt rir gjennom Europa»
Sjå Le Monde:
http://www.lemonde.fr/article/0,2320,dos-3040-47508-QUO-1--,00.html
"Antikrigsnettverket" har knapt vist interesse for og "demonstrert" mot
den russiske kolonikrigen i Tsjetsjenia. All aktiviteten deira har vore
konsentrert om "vår" krig som dei så høgtideleg kallar det. Då den
amerikanske presidenten i fjor vitja den norske hovudstaden, kasta deler
av "venstresida" seg ut i aksjonar så godt dei kunne, for å vise "sin
avsky", og for å vise at dei fanst. At den russiske statsministeren
Putin, vitja den same hovudstaden berre nokre dagar før, gjekk hus
forbi, eller det var ikkje viktig... Ein høyrde i alle fall ikkje ein
knyst frå "Antikrigsnettverket" og den heroiske delen av "venstresida"
då.
Eg peika på dette tidlegare ein gong, og det kom nokre host, m.a. frå
Holen. Han var sjølvsagt samd i kritikken, og det blei stabla på beina
ein demonstrasjon framom den russiske ambassaden under utdelinga av
fredsprisen. Dette passa i mediebiletet, for fredsprisvinnarane gjorde
retteleg ei stor sak av krigen i Tsjetsjenia. Det ville ha vore
vanskeleg berre å sitja der...
Men det skjedde ikkje stort meir. "Antikrigsnettverket" er og blir ei
bøling av "venstreradikale" som er mot visse krigar, men som ikkje tek
det så tungt med andre, sjølv om dei andre kan vera meir barbariske og
øydeleggjande. "Antikrigsnettverket" er primært ei antiamerikansk rørsle
- og i samband med krigen i Kosovo, som var utgangspunktet, stod ho fram
som meir eller mindre fordekt proserbisk.
Difor har eg aldri teke "Antikrigsnettverket" alvorleg. Eg er ein av dei
som er insprirert av det verdfulle som finst i europeisk ånd og
historie, og manifestet til Glucksmann og Goupil er også inspirert av
dette.
Korleis kan ein lata att augo for denne teksten når ein bryr seg om
verda:
«Groznyj rasert, utan straff. Landsbyar brende, utan straff. Såra
drepne, utan straff. Kroppar torturerte, utan straff. Kvinner og menn
valdtekne, utan straff. Eit folk knust, utan straff. Internasjonal
teisemd, i full medskuld.
* Inga høglydt og forståeleg fordøming, heller ikkje diplomatisk press,
økonomiske sanksjonar, eller rettsleg forfølgjing. Ingenting. Ved å
velje den friviljuge maktesløysa, fornektar Europa seg. I går, etter
1945, steig Europa fram av eit tredobbelt avslag. Bakanfor, Hitler. Ved
sida, Stalin. Framom, kolonikrigane som Europa etterkvart lærte seg å
avstå frå.
* I dag trur Putin at alt er tillatt. Lidingane som den russiske
overkommandoen påfører Tsjetsjenia, vekkjer opp att og rehabiliterer
avskyelege metodar til bruk overalt. I morgon kjem våre blinde
"moralske" styresmakter, våre "realistiske" politikarar til å angre. For
seint for Tsjetsjenarane. Svært for borna våre, og for det russiske
folket.
* Eg som er underskrivar av dette oppropet, ber om at den grunnleggjande
antifascistiske, antikolonialistiske, antitotalitære plattforma blir
respektert. Utan dette er Europa berre ei samling av små- og korttenkte,
eit samfunn av skam.»
Eg vonar det blir teke eit oppgjer med likeløysa på den norske
"venstresida" i høve til den barbariske krigen som russarane fører i
Tsjetsjenia. Eg vonar likeins at avisa Klassekampen legg bort
"kampanjejournalistikken", og blir ei avis til å bli klok av. Skal avisa
koma seg ut av bakevja, er dette eit av dei fyrste stega på vegen.
Oddmund Garvik
-- "NSA KGB CIA nuclear conspiration war weapon spy agent... Salut Echelon!"
This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Mar 23 2000 - 14:06:28 MET