Re: Om stildebatten

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Sat Mar 18 2000 - 22:09:28 MET

  • Next message: Oddmund Garvik: "Kosovo: Valdelege samanstøytar i Mitrovica"

    At 18:29 18/03/00 +0100, Kenrick Jackson wrote:
    >Trond,
    >Jeg oppfatter det som et absolutt lavmål å sitere private e-mail i full
    >offentlighet på denne måten - nær sagt uansett hva de inneholder. Det er
    >absolutt ingen bra måte å behandle folk på.

    Det som er "lavmål", er heile denne kampanja mot KVJ, mot KK-forum, mot alle
    oss som er for fri meiningsutveksling utan tabu, og utan førehandsbestemt
    "nettikette", eller kva det no heiter.

    Å lyge om kva ein meiner og gjer på forumet er likeins "lavmål", men det
    burde
    ikkje vera tema for debatt ein gong. Trond hadde som listeadministrator
    ikkje noko val når løgna var så openbar som i tilfellet med Miss Nilsen.
    "Private" meldingar er ikkje heilage, det kjem an på innhaldet. Det ville
    vera for lettvint å kunna skriva slike "private" meldingar bak ryggjen på
    folk. Det "private" er relativt, så tenk dykk godt om før de sender
    "private" meldingar neste gong.

    Sjølvsagt ynskjer nokre av dykk nokre av oss andre dit pepparen gror, til og
    med ut av KK-forum. Alle desse meir eller mindre tilslørte hinta dei siste
    dagane osar av sensurtrong og forfølgjing. Kirsebæret på kaka er at de snur
    på flisa og får det slik til at det er dei uglesette som vil herse og
    regjere, og som driv med personforfølgjing, osb. Dette kallar de
    hersketeknikk(ar) - eit tåpeleg ord som ikkje har meining i denne
    samanhengen. Ingen av oss har makt til noko som helst. Det er elles berre
    snakk om eit diskusjonsforum, og skulle ein ikkje like seg her, er det som
    sagt mogleg å ta ein pause. Eg gjer det sjølv med jamne mellomrom - rett nok
    ikkje fordi eg mislikar forumet, mest fordi eg ikkje har tid, eller fordi
    telefonlinja er sperra.

    Det ville vera til stor glede om denne kampanja dykkar no er over, og om me
    kunne diskutere vidare ting som skjer i verda, som er interessante og som
    det har meining å diskutere om ein kallar seg "venstreradikal". All denne
    surringa omkring navlar blir keisamt i lengda.

    Oddmund Garvik



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Sat Mar 18 2000 - 22:16:28 MET