Frå Libération: http://www.liberation.fr/multi/indfete2000.html
I Frankrike (og andre sørlege land) likar ein å stelle i stand festar og
tilstellingar. For fjerde år på rad feirar me såleis Internet.
Konferansar, festivalar og andre initiativ spreier seg både i Paris og
ute i distrikta. I påvente av ei spesialutgåve fredag - webédition
spéciale «Vous en Net» - forgår det andre ting på Libération.com.
Internettfesten varer i tre dagar, og i dag, torsdag 16. mars, blir unge
mellom 15 og 20 år inviterte til å ta seg av vevsida til Libération -
under titelen: «Squattez Libé»!
Samstundes med at det er internettfest, er det også presseveke på
skulane, og dei unge blir inviterte til å leggje fram og kommentere
nyhende og aktualitetar, reagere på artiklar i Libération, og ta opp
emne etter eige val.
Dette kunne kanskje vera ein idé for redaksjonen i Klassekampen - for
det må vel finnast unge folk også i Noreg som interesserer seg for
verda, livet og framtida...
Eit nyttig initiativ, trur eg.
Oddmund Garvik
-- "NSA KGB CIA nuclear conspiration war weapon spy agent... Salut Echelon!"
This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Mar 16 2000 - 07:32:19 MET