Politisk oppseiing i Austerrike

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Wed Feb 09 2000 - 08:56:24 MET


Det byrja med kunstnarane, men no mobiliserer også journalistane seg. I
tre dagar har ei urovekkjande politisk oppseiing skaka den austerrikske
mediaverda. Gerhard Marschall, som er politisk kronikør i distriktsavisa
Oberösterreichischen Nachrichten, er i ferd med å bli sett på porten av
redaksjonen sin.

Motiv: I fleire månader skal han ha "distansert seg frå den
objektive haldninga og likevekta vis-à-vis dei politiske partia"
som utgjevaren av avisa forlangar, og som er grunnlaget "for avisa
sitt omdøme som uavhengig avis".
                             
Leiaren for journalistforbundet, Astrid Zimmermann, protesterer:
«Kollegaen vår Marschall er offer for politisk reinsking. Pressefridomen
er i dag i stor fare. Marschall er berre det første tilfellet.
Ein kjenner alt presset i fleire redaksjonar."

Det som har skjedd i denne saka er nokså klårt. I fleire månader har
Gerald Marschall ikkje spart på noko for openlyst å kritisere den
farlege populismen til Jörg Haider og partiet hans. Ein fast og klår
tale som han hadde fått skryt av i redaksjonen. Dette var i samband med
valet i oktober i fjor, medan dei konservative hadde bestemt seg for å
halda fram koalisjonen med sosialdemokratane.

Alle veit korleis det gjekk med dette prosjektet, og korleis Wolfgang
Schüssel brått snudde vesten, og byrja forhandlingar med FPÖ og
Haider.

For Oberösterreichischen Nachrichten har "sjølvstendet" til pressa
likevel ei avgrensing: Den som er definert av "verdssynet" til
lesarkrinsen, hovudsakeleg konservativ, som ikkje ser noko som helst
problem med den nye svart-brune alliansen. Det er slik utgjevaren av
avisa, Rudolf Cuturi - svoger av den konservative guvernøren i
provinsen - med eit smil resumerer saka: "På grunn av dei stilistiske
utfalla til Marschall har me mist 400 abonnentar dei siste månadane.
Når han no sluttar, trur eg dette vil bli redusert til rundt hundre."

Generelt kan ein seia at dei nye spenningane i det austerrikske
samfunnet "etter-4-februar" også avspeglar seg i pressa i landet. Det
har oppstått to leirar. Den svært konservative Die Presse, støtta av
magasinet Format, reiser seg mot den utanlandske innblandinga, samtidig
med at dei i store overskrifter minner om at "70 % av austerrikarane
stør denne koalisjonen". I den motsette leiren, passar Der Standard -
avisa til "intelligentsiaen" - på å fylgje svært nøye med i dei nye
konfliktane i det austerrikske samfunnet. Her opnar spaltene seg for
alt som finst av intellektuelle, av politologar og engasjerte
demokratar. Det svært seriøse vekebladet Profil går i same lei, og kjem
med svært skarpe kommentarar mot Haider, på same måte som dei som kjem
til uttrykk i demonstrasjonane mot det nye regimet.

I ORF, den statlege krigkastinga, får rykta om "hovud som kjem til å
falla" det til å gå kaldt nedover ryggen på nokre av sjefane som i si
tid fekk stillingane sine takka vere "heftinga" til sosialdemokratane.

Likevel har dei siste "dagsrevyane" på tv ikkje mangla mot. Ved hjelp
av arkivopptak har dei på "katodisk" vis synt det som mange alt er
overtydde om: At Haider og banden hans er nokre durkdrivne løgnarar.
Fjernsynssjåarane har såleis sett korleis Michael Krüger, den nye
justisministeren, i 1995 i Parlamentet hevda at «å gjera forskjell på
konsentrasjonsleirar og korreksjonsanstaltar, er semantisk
masturbasjon!" Førre måndag forklåra den same at han alltid hadde sagt
at "konsentrasjonsleirar vil seia det same som utryddingsleirar"...

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loin de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:19 MET