Re: Østerrike

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Mon Feb 07 2000 - 09:12:31 MET


Herman Linquist sin epistel er alt anna enn velvalde ord, og det er
underleg å lesa slikt, særleg når det kjem frå ein historikar.
Kåseriet tar fatt i overflatiske fenomen, heilt på sidelinja i høve til
det saka handlar. Det kan vera eit retorisk poeng å uroe seg for
framtida til austerriksk kjøkenkunst, eller den årlege
nyttårskonserten, men det er alt. For ingen snakkar om dette. Ingen tar
til orde for boikott av den austerrikske kulturen, eller det
austerrikske folket.

Lindquist hoppar bukk over den politiske situasjonen i mange europeiske
land, der høgrepopulistiske krefter arbeider intenst for å koma i
maktposisjon. Ein må sjå reaksjonen til fleirtalet av dei moderate
høgrepartia i Europa på denne bakgrunnen.

Her i Frankrike har Chirac har dei siste åra vore heilt klår i høve til
Le Pen, og om det har funnest lokale alliansar, har desse alltid ført
til splitting i dei to høgrepartia (RPR og UDF). Splittinga mellom Le
Pen og Megret gjekk nettopp på spørsmålet om samarbeid med det moderate
høgre, eller deler av dette. Megret ser for seg ein austerriksk
situasjon. Det same gjer Millon, Pasqua og de Villiers. Dei er alle på
barrikadane no for å ta avstand frå "det europeiske diktaturet", og
"mangelen på respekt for ei demokratisk vald regjering".

Ein finn i det store og heile att om lag dei same konstellasjonane som
stod fram for snart eit år sidan i samband med "innblandinga i dei indre
jugoslaviske forholda". Og så var då også Slobodan Milosevic ein av dei
få statssjefane som gratulerte Austerrike med ei ny regjering...
Eg minnest forresten skriveria til Lindquist på den tida.

Dette er ikkje "EUs og medienes seneste påhitt". Det er noko som kan
gripe om seg, og som ein bør setje ein stoppar for. Dersom CDU ikkje
klarer å koma seg ut av den aktuelle krisa, kan element rundt CSU få
vind i segla. I Danmark og i Noreg trippar som me veit tilsvarande
parti framom regjeringskontora. I Sveits er dei på god veg.

Meir briljante personar enn Herman Lindquist har forstått dette, og
vaktar seg vel for ikkje å blande ihop spørsmålet om sensur og boikott
av eit regime, som nettopp har sensur på sakslista. Dei har forstått at
Haider er ein prefascistisk folketalar, og at vegen ikkje er så lang
når slike først kjem til makta.

Det internasjonale forfattarparlamentet (PIE) som heilt til no har
samarbeidd med det austerrikske kulturdepartementet i samband med
Asylby-programmet, seier no at det med den nye regjeringa ikkje er
mogleg å samarbeide lenger. Ideologien til det eine
koalisjonspartiet er open framandfiendleg og mot retten til asyl.
Dette er ikkje kompatibelt med prinsippa for Asylbynettverket. PIE
takkar dei austerrikske byane som har skrive under avtalar direkte,
og held dørene opne for andre byar som måtte velja å arbeide i direkte
kontakt med dei i dette prosjektet av humanitær hjelp og solidaritet
med undertrykkte forfattarar og kunstnarar i heile verda. Hittil har
følgjande personar skrive under på oppropet frå PIE: Salim Barakat
(Syria), Syl Cheney-Coker (Sierra Leone), Filip David (Serbia),
Margaret Drabble (Storbritannia), William Gass (USA), Edouard Glissant
(Frankrike), David Grosman (Israel), Elfride Jelinek (Austerrike),
Ryszard Kapuscinski (Polen), Peter Matthiessen (USA), Rick Moody (USA),
Alvaro Mutis (Mexico), José Emilio Pacheco (Mexico), Philip Roth (USA),
Salman Rushdie (Storbritannia), Christian Salmon (Frankrike), Anton
Shammas (Israel), Wole Soyinka (Nigeria).

Salman Rushdie hadde forresten ein lang artikkel i Libération fredag 4.
februar: "La résistible ascension de Haider"
http://www.liberation.fr/quotidien/debats/fevrier00/20000204a.html

Når Herman Lindquist blandar ihop store austerrikske kunstnarar for å
gi standpunktet sitt vinger, blir det nesten vulgært. For "Mozarts,
Bruckners, Mahlers, Strauss, Alban Bergs, Anton Webers, Bruno
Kreiskys och Simon Wiesenthals" heimland har ingenting med det nye
regimet i Austerrike å gjera. Heller ikkje Sigmund Freud. Det blir eit
heller dårleg skalkeskjul når det kjem til stykket.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loin de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:17 MET