Re: Haider og EU

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Thu Feb 03 2000 - 14:55:58 MET


Le jeu, 03 fév 2000, Lars Staurset a écrit :
 
> Inngrep gjer EU-kommisjonen heile tida, som Garvik peikar på. Men
> her er det noko nytt: EU som overordna statsmakt underkjenner
> regjeringa i ein delstat, og skaffar seg dermed handlerom for å gjere
> det same ved seinare høve.

Eg gløymde å ta med at dette er feil, i farten. EU har IKKJE
underkjent noko som helst og heller ikkje teke særskilde tiltak.
Regjeringa er no ikkje offisiell ein gong, førebels.

> Neste gong kan det gå ut over ...tja... kanskje ei sosialdemokratisk
> regjering som med folkeleg press i ryggen saboterer pålegg frå
> Brussel. Ikkje i år eller neste år, men etter ein traktatrevisjon
> eller to.

Fleire regjeringar trassar pålegg frå Brussel. Den såkalla kjøtkrigen
mellom England og Frankrike er eit døme frå seinare tid. Eit anna døme
i farten er spørsmålet om tradisjonell jakt på trekkfuglar i Sørvest- og
Nord-Frankrike (Picardie) som EU har lagt ned forbod mot. Sterke
jegerorganisasjonar og til og med eit (høgreekstremt) parti, Chasse,
Pêche et Tradition (Jakt, Fiske og Tradisjon) trassar framleis dette
forbodet, og har ein sterk lobby i parlamentet. EU pålegg dagmulkt på
fleire hundre tusen franc (eg hugsar ikkje summen), og staten har
betalt dette i over eit år. Staten fylgjer ikkje opp og sanksjonerer
ikkje desse brusehovuda som insisterer på å jakte m.a. duer "fordi dei
alltid har gjort det". Det finst mange andre døme.

Nei, i Austerrike er det snakk om "demokratiske verdiar" og
"menneskerettar", og det er noko heilt anna... noko heilt spesielt.
Attention!

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loin de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:15 MET