Kudrap i Sverige?

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Wed Feb 02 2000 - 09:35:20 MET


Ein mann ringde til meg i går, framleis opprørd over ei historie han
hadde sett på NRK frukost-TV ein gong i haust. Det var ein svensk bonde
som hadde opplevd at kyrne hans vart skotne på beitet av ein
EU-inspektør, fordi han ikkje hadde meldt dei inn ei eit eller anna
EU-register. TV hadde vist kadavera i delvis oppsvulma tilstand ute på
jordet.

Mannen hadde vore til sjøs i mange år, og sett litt av kvart også på
land (han nemnde behandlinga av belgiske kyr og australske sauer), men
dette var noko av det verste han hadde sett.

Medan han snakka, fekk eg ei "déjà-vu"-kjensle: hadde eg høyrt eller
lese om dette kudrapet før, kanskje på ein travel dag då det ikkje
festa seg skikkeleg? Eg ser sjeldan på frukost-TV, men kan det ha stått
i KK? Er det nokon som kjenner historia, og kan stadfeste eller avsanne
ho?

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:14 MET