An der Schönen Braunen Donau

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Wed Feb 02 2000 - 08:07:24 MET


...er den nye melodien på repertoiret. Reaksjonane til fleire store
europeiske land gjer det klårt at dette ikkje er akseptabelt.
Problemet er at det finst ein "Haider" i fleire land, og at smittefaren
er til stades. Blochner er på god veg i Sveits. Le Pen blei rett
nok slått attende i Frankrike ved siste lokalval (rundt 5% + 3% for
utbrytaren Megret), men han har ikkje gitt seg. I Belgia og Tyskland
finst det sterke høgreekstreme rørsler. Norsk presse har skrive om at
Danmark kan koma i same situasjon som Austerrike, dersom det
framandfiendtlege Dansk Folkeparti blir støtteparti for ei framtidig
regjering. Få eller ingen ser ut til å sjå Frp i det same
perspektivet, enda P-K Foss ope seier han er interessert i
regjeringssamarbeid med den lokale "Haider". I dag skriv
"Frp-organet" VG at "Carl I. vil bli statsråd":

http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=6299143

Dei gjer det romantisk... Hagen "Drømmer om å avslutte karrieren ved
Kongens bord... Hagen er møkk lei av å stå utenfor det gode selskap."
osb.

Midt oppi dette putlar den norske "venstresida" med veldige debattar
om trivielle spørsmål i kjølvatnet av ei lita hacker-sak, som ikkje
forandrar noko som helst. Nokre freistar å mala om att soga om
Balkan. Det kjem bakstreverske miljøutspel, og hallelujarop om eit
naboland som er komne mykje lenger enn det "tilbakeliggjande" Noreg
i "datarevolusjonen". EU-spørsmålet ligg der, på venteliste...

Men kor har denne "venstresida" hovudet? Kor blir det av den store
debatten om miljø- og klimaendringar? Kor blir det av den alternative
energidebatten? Kor blir det av den store debatten om globaliseringa
(kor blir det av ein norsk ATTAC-organisasjon?) Kor blir det av den
store debatten om den nye mjuke fascismen (den harde også, for den saks
skuld t.d. i nabolandet Russland)?

Det er mykje som er gale, likevel er handlingslamminga bortimot total.
Den dagen også Dovre er brunsvidd, er det i seinaste laget å vakne. Ein
kan sjølvsagt drøyme og fabulere om "revolusjonære situasjonar", men
det har aldri vore nokon revolusjon i Noreg, og det kjem neppe til å
bli nokon i framtida. Når dei "revolusjonære" attåt ikkje er i stand
til å skilje klinten frå kveiten, kan ein berre setje seg ned for å
vente...på Godot. Det er kanskje det mange alt har forstått.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loin de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:14 MET