ATTAC: Etter Forliset av Erika

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Sun Jan 30 2000 - 22:57:37 MET


Frå ATTAC: http://www.attac.org/fra/asso/doc/doc06no.htm

Grov miljøkriminalitet må straffast, og toppleiarane i selskapa må
gjerast personleg straffeansvarlege.
  

Den økologiske og økonomiske katastrofen etter forliset av
oljetankskipet "Erika", der det multinasjonale selskapet TotalFinaElf
var fraktar, er dessverre ikkje anna enn endå ein konsekvens av grepet
finansdiktaturet har på all menneskeleg verksemd.

I ein situasjon der "verdiskapinga" til fordel for aksjonærane åleine
(Total hadde ei forteneste på over 6 milliardar franc i 1998) går føre
alle andre omsyn, bruker leiinga i TotalFinaElf dei mange moglegheitene
som den ultraliberale dereguleringa gir på området der konsernet
opererer. Vi ser forakt for menneskerettane når konsernet støttar
juntaen i Burma i byte mot godkjenning av eit gassprosjekt. Vi ser
forakt for all sosiallovgjeving når konsernet nyttar skip under
fordelsflagg som utan skruplar utnyttar underkvalifiserte og
underbetalte arbeidstakarar. Vi ser forakt for livsviktige miljøkrav
og rettane til kommande generasjonar når konsernet bevisst godtek å
utsetja økosystema på kysten for ein enorm risiko ved å nytta gamle
skip med tvilsame sertifikat.

Alt dette skjer fordi ein vil tena nokre dollar meir og driva opp
aksjekursen, som er det einaste konserndirektør Thierry Desmarest
verkeleg bryr seg om. Ein mann som - etter at han raust gav
foreiningane av friviljuge oppreinskingsmannskap tilbod om ein dags
løn av eiga lomme (20.000 F, frårekna aksjeopsjonane) - ganske sikkert
snart vil annonsera kutt i talet på tilsette når Elf er sikra!

ATTAC krev at dei offentlege styresmaktene i Frankrike og EU, som har
eit politisk ansvar, straks set i verk tiltak etter den amerikanske
modellen, som gir oljeselskapa og andre transportørar av farleg last
eit uavgrensa økonomisk ansvar når det gjeld dekning av utgifter til
oppreinskingsarbeid på kysten og til full restituering av kystområda
og til å bøta på dei mange ulike skadelege ringverknadene slike ulykker
har for næringsverksemda og friluftslivet langs kysten. Medan ein
ventar på at slike tiltak skal tre i kraft, må TotalFinaElf få
instruks av den franske regjeringa om å betala alle slike utgifter.
ATTAC vil ta del i alle typar påverknad av opinionen for å oppnå
dette.

Likevel er prinsippet om at forureinaren betaler, ikkje tilstrekkeleg
for ATTAC. Rett nok kan prinsippet ha ein viss avskrekkande verknad
når det gjeld den grove miljøkriminaliteten, men det inneber i røynda
at ein godtek at retten til å forureina kan kjøpast med ei
skadeerstatning. Eit slikt prinsipp ser bort ifrå dei
ikkje-kvantifiserbare miljøskadane og overskridinga av tolegrensene,
med ei irreversibel forringing av miljøet som resultat, dessutan òg
dei tallause menneskelege påkjenningane som ingen pengebeløp
nokosinne kan bøta på. For ikkje å snakka om alle tusentals pattedyr og
sjøfuglar som blir skadde og må lida grufullt i oljesølet på grunn av
denne forakta for liv.

Prinsippet om at forureinaren betaler, må difor supplerast av ei
innføring av eit personleg straffeansvar for konsernleiarane ved
miljøbrotsverk som selskapa deira og dotterselskapa står bak, etter
mønster av ansvaret lokale folkevalde har i langt mindre alvorlege
saker. Det krevst harde bøtestraffer for brotsverk mot naturarven til
menneska, mot hav, strender og miljøet elles, og strenge førebyggjande
tiltak mot den omsynslause jakta på utbyte (og aksjeopsjonar) som blir
driven av leiarane for dei multinasjonale selskapa, og ikkje berre
leiarane for oljeselskap og selskap som produserer farlege varer.

Difor kan ikkje Den europeiske unionen, som synest å vilja kjempa mot
skatteparadisa, tolerera fordelsflagga, skipsfartsvarianten av
skatteparadisa, utan å bli skulda for hykleri. Dess meir fordi Malta,
der "Erika" var registrert, er kandidat til EU-medlemskap! ATTAC vil
sterkt oppmoda franske parlamentarikarar, den franske regjeringa og
EU-parlamentet om å krevja at EU-kommisjonen kjem med raske og seriøse
forslag for å eliminera desse verkebyllane som kommisjonen sin eigen
passivitet og servilitet har gitt gode vokstervilkår.

Leiinga i ATTAC vil uttrykkja sin solidaritet med folka som er ramma
av oljesølet, og særskilt med alle ATTAC-medlemmene på den franske
Atlanterhavskysten som saman med tusenvis av andre friviljuge og
offentlege tilsette på framifrå vis har forsvart eit samfunnsgode mot
arrogansen og den kriminelle pengegiren til dei multinasjonale
selskapa.

(Erklæring vedteken av ATTAC-leiinga 4. januar 2000.)

(omsett av Vidar Rekve)

-------
PS: Fusjonen mellom TotalFina og Elf, som vil gi opphavet til det
fjerde største oljeselskapet i verda, "vil vera operativ så snart han
er godkjent av EU-kommisjonen, venteleg seinast 18. februar", sa
Thierry Desmarest, då han den 26. januar la fram TotalFina sin
resultatreiknskap for 1999. Netto forteneste auka med 14 %, til 1,51
milliardar euro (9,9 milliardar franc). Denne reiknskapen inneheld ikkje
dei 700 millionar franc som oljeselskapet har tenkt å leggje ut for å
bøte på konsekvensane av oljesølet etter forliset til "Erika" (kjelde
Le Monde den 22 januar).

og
 
______________________________________________________________________________
Si votre email etait sur iFrance vous pourriez ecouter ce message au tel !
http://www.ifrance.com : ne laissez plus vos emails loins de vous ...
gratuit sur iFrance : emails (20 MO, POP, FAX), Agenda, Site perso



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:12 MET