Føre var (var: Re: SV: Naiv teknologioptimisme?)

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Mon Jan 24 2000 - 09:52:02 MET


Ottar Solberg wrote:

> ... Eg har hatt eit par innlegg om det årsskiftet vi nett har hatt og alt det oppstyret som har vore rundt det. Det som undrar meg mest er korleis opplyste og skolerte forlk som IT-folk vel er skal bli fulle av så mykje overtru. Brukar ein den sokalla 80/20 regelen, så vi eg påstå at 20% av det som kom inn undet Y2K-problematikken ( det var visst det det vart kalla) hadde noko med verkelegheia å gjere, resten, 80%, var rein og sjkær overtru. På linje med å tru at toreslag er når Tor er ute og kjøyrer med bukkane sine.

Og kva slags undersøkingar byggjer så 80/20-regelen på i dette
tilfellet? På å spørje Tor med bukkane? :-(

Nokre dagar inn i det nye året fekk eg tilsendt ei kvittering frå
Postbanken for betalt rekning. Betalingsdatoen var oppgjeven til
03-01-1900. Ei vekes tid etter kom ei ny kvittering, utan kommentar, men
med rett dato.

Eit par utrangerte 486-PC-ar på jobben min påstår no at vi er i 2094.
Anna gammalt utstyr, som førehandstesting varsla småproblem med, har
greidd seg betre enn venta. 80-tals-maskinar frå Norsk Data som
hovudkontoret har teke ut av bruk, starta visstnok ikkje i det heile.

Vi får aldri vite sikkert kor store 2000-problema verkeleg var. Dersom
ein hadde visst nøyaktig kvar feilane var, hadde det kanskje vore nok
med 20%, 50% eller 80% av innsatsen for å rette dei. Oversynet mangla,
men det hindra ikkje at problemet vart teke alvorleg. Millionar av
komponentar, milliardar av programlinjer kunne gå feil. I mange tilfelle
var det betre og billegare å skifte dei ut enn å undersøke til botns om
feilen var der. Sjølvsagt var også flinke seljarar frampå og gjorde god
forteneste. Hovudsaka er at forvaltning og næringsliv ikkje kunne ta
sjansen, dei måtte sikre seg at alt fungerte.

No når årsskiftet er passert, er det grunn til å la seg inspirere av
dette. Sjå på 2000-arbeidet som eit gjennomslag for føre var-prinsippet,
og bruk det på dei problema vi får med oss over i det 21. hundreåret:
klima, osonlag, matforsyning og alt det som Worldwatch nemner
(http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra170100/0052.html). Vi
veit heller ikkje nøyaktig kor store desse problema er, men vi kan ikkje
ta sjansen på å ikkje løyse dei!

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:10 MET