Naiv teknologioptimisme?

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: Fri Jan 21 2000 - 19:06:18 MET


Bjarne Nærum spør meg kva eg meinte med dette: ”Hadde AKP teke
miljøtrugsmåla på alvor i staden for sin naive
teknologioptimisme, skulle eg ha vurdert å søkje om medlemskap att.” Sjølv
meiner han venstresida er likegyldig eller skeptisk til ny teknologi, med
unntak av folk som Tron Øgrim og Pål Steigan. Dette blir eit ufullstendig
svar om eit stort tema, men vonleg betre enn ikkje noko. I ein artikkel i
eit nummer av Røde Fane, som er like om hjørnet, skriv eg blant anna om
bioteknologi.

La meg starte med meg sjølv. Eg driv gard med sau og geit. Det har eg gjort
sidan 1982. Dei første åra gjorde eg som produksjonsrettleiarane sa. Eg
følgde nøye med på kva for geiter som mjølka mest, las utskriftene frå
husdyrkontrollen, fekk desse geitene inseminerte med semin frå elitebukkar
og trudde kjea deira skulle bli toppgeiter. Det vart dei også, som unggeiter
mjølka dei framifrå og fekk høge indeksar. Men etter eit år eller to døydde
dei. Det fekk meg til å reflektere over ein enkel samanheng: Når me avlar
fram ein eigenskap, vel me samtidig vekk andre. Me avlar på det lett
målbare, som mjølkeevne, medan det me vel vekk, til dømes kan vere knytt til
helse og overlevingsevne.
Eit år eller to sidan las eg ein artikkel i PC-World, trur eg det var, av
Tron Øgrim om bønder og data. Bønder som ikkje bruker data, har ikkje ein
sjanse og forstår ikkje sitt eige beste, hevda han. Dei har ikkje større
sjanse til å overleve enn ulven i Hedmark. (Truleg meinte han sauen, ulven
formeirar seg og lever for tida godt i Hedmark, blant anna med sau som
føde.)
Sjølvsagt bruker eg data. Ikkje berre til å skrive slikt som dette. Eg har
vore gjennom ulike fasar frå ein tidleg Commodore med 5 ¼ toms diskettar,
til eg i neste veke vil leggje inn ein ekstra harddisk på 10 gigabyte, 500
gonger så mykje som på min første datamaskin. Eg fører rekneskap på data, eg
bruker data til å halde orden på nødvendig informasjon, eg set opp bøker på
data, eg skannar bilete, hentar informasjon frå nettet og ymse slikt. Men
når eg skal avgjere kva for kje som skal vekse opp til mjølkegeiter, let eg
ei blanding av observasjon og slump avgjere. Dei kvantifiserte
informasjonane me har, om mjølkeevne og jurform og ymse slikt, blir
utilstrekkelege og misvisande overfor så kompliserte ting som levande
individ er. Og mi blanding av observasjon og slump gir ein minst like god og
like helsesam buskap som dei får, dei geitebøndene som einsidig legg
opplysningane frå husdyrkontrollen til grunn.

Dette som ein inngang til eit av dei temaa som bør bli drøfta grundigare
knytt til data og IT, avgrensingane ved desse verktya. Det at data kan
registrere det enkle, men ikkje dei uendeleg komplekse prosessane i naturen.
I staden møter me, til dømes hjå folk som Øgrim og Steigan (det er ikkje
heilt rettferdig å skjere dei over ein kam, men nyansane får utstå) ei
science fiction-aktig overdriving av dei endringane som finn stad. Eit par
dagar sidan hadde såleis Steigan ein artikkel i Klassekampen, der han bygde
argumentasjonen rundt ein påstand frå Alvin Toffler om at datateknologien er
den største endringa i produktivkrefter i menneskeheita si historie. Altså
viktigare enn åkerbruk og husdyr, jern og industri.
Sjølvsagt vil data og IT endre samfunnet. Det gjev oss nye verkty, verda
blir tettare, høvet til å hente inn informasjon blir større,
stordriftsfordelar skrumpar inn, smådriftsfordelar aukar, skriftleg
kommunikasjon kjem i staden for munnleg, uniformeringa av menneske aukar
etc. Om dette kunne mykje skrivast, men ikkje her og no. Sjølvsagt er det
også viktig at folk tek verktya i bruk. Det gjer me. I det landbruksmiljøet
der eg driv stordelen av mi politiske verksemd, har me hatt nettkontakt
mellom aktivistar i ulike land sidan lenge før internettet kom. Det same
gjeld miljøvernarar, slektsforskarar, fagforeningsfolk og mange andre miljø.
Men er det ein data/IT-revolusjon som finn stad? Det er for store ord. Eg
trur at når historikarane om hundre eller tusen år skal vurdere hendingane
rundt årtusenskiftet, vil den globale oppvarminga vege langt tyngre enn den
nye data- og IT-teknologien. Eg trur at dei vil analysere ei stegvis
utvikling med telefon og radio via fjernsyn og datamaskinar og
nettoverføring og ikkje sjå dei to siste tinga som kvalitative brot.
For at me skal bli i stand til å forme politikk, må me få det som skjer, ned
på jorda. Det viktigaste er altså ei flytting av kommunikasjon frå tale til
skrift. Medan talen var og er allemannseige, er evna til å formulere seg
skriftleg langt meir avgrensa, knytt til utdanning, til det spesielle
talentet som skriving krev og til kva for språk ein meistrar og som blir
brukte. Slik veks ein ny, skriftverbal elite fram, og denne eliten er
relativt lett å knyte til overklassen i samfunnet. Om makt nedanfrå skal
utviklast, er det minst like viktig å behalde og utvikle areaner for munnleg
kommunikasjon (kantiner, klubbmøte, kafear, møterom) som å rekruttere folk
frå den nye eliten.
Det andre som skjer, er at tilgangen på informasjon blir nesten uendeleg.
Folk med tilgang til data får på eitt vis sitt eige, gigantiske bibliotek.
Det er eit framsteg berre dersom brukaren er i stand til å hente fram
vesentleg informasjon. Viss ikkje, blir det berre ei forandring på same
viset som mange fjernsynskanalar og endå fleire radiokanalar utgjer ei
forandring og eit bidrag til folkeunderhaldninga og ikkje noko bidrag til
folkeopplysninga. I staden for å fokusere på PC-ar og modem og datakurs for
alle (teknikkane blir stadig enklare) må eit hovudsvar på datainnføringa i
skoleverket vere å lære elevar å finne fram informasjon. Altså
allmennkunnskapar, arbeid for å stille dei vesentlege spørsmåla, opptrening
i informasjonshenting og oppøving av skriftleg formuleringsevne.
Skjer det tredje, at datateknologien gjer samfunnet meir effektivt og difor
reduserer arbeidstid? Til no er det svært lite som tyder på det. Me kan sjå
på nokre tal. Talet på tilsette i kontorarbeid har gått ned frå 199000 i
1981 til 197000 i –95, men talet på tilsette i administrasjon og leiing har
same perioden auka frå 103000 til 146000. Til saman er dette ein stor auke.
Så me kan ikkje strekkje det lenger enn til at det i datateknologien ligg
eit (unytta) potensiale for innspara arbeidsinnsats.
Men no skriv du deg vekk frå utgangspunktet, som galdt AKPs naive
teknologioptimisme, innvender kanskje Nærum. Og med ein viss rett. Poenget
mitt er berre dette: Dei synsmåtane som har vorte serverte i og rundt
AKP-miljøet om data og IT er desse enkle: At ein revolusjon er i ferd med å
finne stad, at dette opnar nye og store mogelegheiter og at me må kaste oss
inn i det med alle krefter – og krevje ein PC til kvar skuleunge og norske
parallellar til finske Nokia. Då vil det gå oss vel og me får utkonkurrert
næringsliv i andre land.
OK, eg karikerer kanskje litt, Steigan plar vere litt meir og Øgrim omtrent
såpass nyansert. Og kanskje meiner ikkje partiet alt det desse to står for.
Men også om me modererer nokolite, blir det på sidelina av det viktige i vår
tid. Det hundreåret me har bak oss, var teknikken eller teknologien sitt
hundreår. Det hundreåret me er på veg inn i, vil bli biologien sitt
hundreår. Dei spørsmåla som framom alle vil stå i fokus, er korleis ei
veksande folkemengd skal få nok og forsvarleg mat og leve under helsesame
forhold på ein klode som eigentleg er for liten til så mange og som skrumpar
endå meir inn fordi han blir stadig meir utsett for menneskas skadeverk. Det
partiet eller dei folka som innbiller seg at me er på veg inn i ein slags
IT-alder, vil bli hekta av lasset i høve til dei store spørsmåla. For
menneskeheita kan korkje leve av telelinjer eller av databrikker, men berre
av det som kjem ut av ein fotosyntetisk prosess ikkje noka teknologisk
endring får til å skyte fart.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:10 MET