Re: POT, POT...

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Fri Jan 21 2000 - 13:12:58 MET


... pass dykk for paragraf 224 i straffeprosesslova. Med denne kan politiet
setje i gang etterforsking mot mest kven som helst!

Kven har ikkje hatt tilgang til dokument med stempelet "Fortrolig",
"Hemmelig", "Strengt hemmelig" osb. ?

Kven har ikkje reist i Aust- og Sentral-Europa på 60-, 70- og 80-talet,
eller i Austerrike, Italia, Midt-Austen?

Alors, når ein tenkjer på¨at det dag og natt sit haugevis med tenestemenn i
denne hælheimen som http://www.pot.no/ er, og pønskar på fortida og livet
til potensielt *uskuldige* menneske, går det ein kald gufs nedover ryggjen
på ein. Ikkje fordi ein har noko å løyne, eller vera redd for. Nei, fordi
denne aktiviteten framleis går føre seg "langt under jorda", i mørke gangar,
der moldvarpane møtest. Som kjent er moldvarpar ikkje særleg skarpøygde, og
då går det ofte gale når dei kjem ut i sola. Moldvarpar er heller ikkje
særleg
raske av seg, og når det hastar som no, går dei amokk. I februar er det for
seint...

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:09 MET