Re: Seierherrenes justis

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Mon Jan 17 2000 - 22:40:03 MET


Øistein Haugsten Holen skreiv:

>Etter en krig råder seierherrenes justis.
>
>Her følger en analyse av hvordan det internasjonale
>krigsforbrytertribunalet fungerer i dag. Deler av innholdet er sikkert
>kjent for mange av KK-forums brukere fra før av. Jeg poster artikkelen
>likevel, siden dette er den mest oversiktlige og best sammenfattede
>argumentasjonen jeg hittil har sett om hvordan dette tribunalet misbrukes
>politisk. En interessant parallell trekkes mellom krigsforbrytelser serbere
>har blitt tiltalt for å ha begått i Kroatia (bruk av klasebomber) og NATOs
>krigføring.

Berre to dagar etter at eit av dei store krapyla på Balkan blei meia ned i
eit hotel i Beograd (ei heller mild straff for eit slikt krapyl), er eg
ikkje sikker på at dette er det første folk tenkjer på. Men for all del, ØHH
kan sjølvsagt vidaresende så mange sider han vil frå skriftene til
angloamerikanske, "alternative" tenkjarar. På same måten som eg kan seia at
dette fungerer som røykteppe for heilt andre ting. Det er ikkje kravet om
justis som ligg bak desse analysane. Det er andre, underliggjande motiv bak
dette, og ein nyttar reklameprinsippet: Gjentek ein det ofte nok, byrjar
kanskje folk å tru på det.

Arkan stod svært nær makta i Beograd. Han hadde til og med i 1992 oppretta
eit parti for serbisk union, for å støtte Milosevic. I spissen for den væpna
militsen sin var han ein av dei fremste handverkarane i den etniske rensinga
i Kroatia og Bosnia.

I september 1997 blei det av den internasjonale krigsforbrytardomsstolen i
Haag, reist tiltale mot han for brotsverk han utførte, eller stod bak i
krigane i Kroatia og Bosnia-Herzegovina mellom 1991 og 1995. Tiltalen blei
halden hemmeleg i eit og eit halvt år, og lagt fram først den 31. mars 1999,
under Natoaksjonen mot Jugoslavia. Den internasjonale
krigsforbrytardomsstolen seier no at dei vil offentleggjere
tiltaledokumentet - av omsyn til historia.

Det finst mykje stoff, ein del fakta, og fleire syn på konfliktane i det
tidlegare Jugoslavia. Dette veit me jo, og det er ingenting å rippe opp i.
Ideen om at det berre finst ei sanning om dette, eitt mogleg syn, som visse
deler av "venstresida" har agitert for, tykkjer eg både er udialektisk og
lite i tråd med den verda me lever i.

At det finst slike idear, er vel "normalt" i ein konflikt der interessene er
så store, og så motstridande. Men det er noko patetisk over denne trongen
til å setje vestlege statsleiarar, og representantar for det vestlege
rettsvesenet i same bås som t.d. bødlar og fascistar i dei
serbo-kroatiske-jugoslaviske mafiaverdene. Det er ein mangel på
proporsjonar som forbausar like mykje kvar gong.

Skulle ein setje fram eit klagemål mot Vesten, er det nok å peike på
skinheilagdomen, den manglande konsekvensen i politikken. Dette er ikkje
noko nytt. Slik har det vore i alle år, og slik kjem det framleis til å
vera. Difor blir det noko halvstarrig over dei som vil nytte dette til å
underkjenne den eine aksjonen dei siste åra som hadde eit snev av noko nytt
i seg: Internasjonal rett til innblanding i "indre saker", internasjonal
rett til å døme brotsverk same kor dei går føre seg.

Same kva ØHH, amerikanske tenkjarar og andre måtte seia, veit me lite om kva
som ville ha hendt i Kosovo om ingen hadde rørt på seg. Verda visste så
nokolunde kva som skjedde frå 1989 til 1999. Og ein treng ikkje vera
kjeldegranskar for å finne ut av kva som skjedde i åra før.

Tenkjarane er ikkje snauare på det enn at dei blandar Orwell og Sankt
Augustin inn i skriftemålet sitt, der dei avsluttar:

>In this post-Orwellian New World Order we are told that we live under the
>rule of law, but as Saint Augustine once said, "There are just laws and
>there are unjust laws, and an unjust law is no law at all."

Dei står langt frå både den eine og den andre. Det er det som er problemet
med falske profetar.

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:07 MET