Bruk kart!

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Mon, 23 Sep 1996 09:11:23 +-200

Klassekampen har mange lesverdige, interessante og lærerike artiklar
om utanrikssaker. Det er likevel ein ting som skjemmer dei: karta er
for dårlege eller manglar heilt.

Ta f.eks. artikkelen "Korridorpolitikk i Posavina" laurdag 21.
september. Den handlar om Bosnia, nærare bestemt "sikkerhetssonen
mellom Brcko og Brka som ligger en knapp mil fra hverandre. Det er her
Posavina-korridoren, som forbinder det serbiskkontrollerte Nordvest-
Bosnia med områdene i øst og med Moder Serbia, er på det smaleste."

Ein annan stad heiter det: "Den bosniske hæren nådde fram til utkanten
av Doboj før kampene stilnet av for vinteren. Årsaken var at Tudjman
trakk tilbake den kroatiske hæren fra frontlinja vest for Banja Luka.
Nå går Ifor-grensa på den andre siden av tunnellen inn til Doboj fra
sør."

For dei av oss som ikkje har Bosnia-kartet på netthinna, er det
vanskeleg å få dette klårt for seg. Utan kart ser vi ikkje korleis
frontlinjene går, korleis dei ulike landområda heng saman, og kvifor
ein slik korridor er så viktig.

Sjølvsagt kan vi finne eit atlas i bokhylla og slå opp stadnamna, men
dei færraste tek seg tid til det. Dessutan er det ikkje nok når det
gjeld Bosnia! Få av lesarane har kart som viser kvar slaga stod, kvar
folk vart jaga frå og korleis Dayton-avtalen delte landet. (Vi klipte
vel ikkje ut kartet den gongen det stod i avisa?)

Ein slik artikkel bør derfor ha kart som illustrerer poenga i teksten.
Alle stadnamn som er nemnde, må vere innteikna på kartet. Det same
gjeld grenser, frontlinjer, vegar, elvar, fjell m.m. som er viktige
for å forstå kva artikkelen handlar om.

Somme gonger kunne det også vere greitt med kart i tilknyting til
innanriksstoff, f.eks. artikkelen om Odda i laurdagsavisa. Eg er
ikkje sikker på kva det betyr at Odda har "et hermetisk
arbeidsmarked", men det heng kanskje saman med geografien?

Lars Staurset