Oppsumeringa av historia?

Torbjørn_Lurås (luraas@telepost.no)
Thu, 30 May 96 14:13:35 PDT

Trond Andresen vil gjerne ha igang ein debatt om oppsumeringa av dei
ulike sosialistiske forsøka
som har vore opp gjennom historia. Det trengs. Eg skal gjerne meine
noko om det, men her vil eg
legge inn den innfallsvinkelen som eg meiner er ganske viktig for i
det heile å kunne meine noko
fornuftig om spørsmålet. (Spørsmål om Kina og Russland kjem eg
tilbake til i eit anna innlegg.)

Overgangen frå eit samfunnssystem til eit anna er ingen dans på
roser. Vi bør studere litt på kva
som gjekk føre seg i overgangen mellom føydalsamfunnet og den
kapitalistiske staten og
etableringa av den.

Då eg for eit par år sidan leste Decamaromen så forsto eg at
handelskapitalisme hadde det
iallefall vore sidan 1350 talet i Firenze. Men det var ein undertrykt
og ubetydeleg del av
økonomien. Så dei ulike konfliktane mellom dei to ulike måtane å
organisere økonomien på kan
iallefall sporast tilbake til denne tida.

Vi bør ha med oss eineveldet på 1600-talet, den amerikanske
revolusjonen i 1776, den franske
revolusjonen i 1789, Napoleon først som fridomshelt og seinare som
keisar, Tsaren, opprøra i
Europa rundt 1848. Alle desse og fleire døme til er viktige steg og
tilbakesteg på utviklinga fram
mot den moderne kapitalistiske staten.

Ta bare songen som Arnljot Eggen laga ein norsk versjon av (står i
Raud Front-songboka):

"Songen om reaksjonen

I året 1815 fekk fyrst Metternich og tsaren
og andre monarkar i stand
ein heilag allianse for å tryge og stanse
all fridom i land etter land.

ref.
Og dei myrda og dei hengde og forfylgde og brende
og det gjorde dei i månader og år.
Men historia sin visar vrir nok innen attende
og tyrannane får hauste kva dei sår."

(Det er fleire vers, men dette får klare seg.)

Sven Lindquist er ganske interessant og gjer mykje mat for tanken når
han slår fast at det nok
ikkje var humanismen som har vore slagordet og den viktigaste
inspirasjonen til imperiebyggarane
i Vest-Europa i dei siste 150 åra, frå ca 1850 og utover, men
slagordet "Utrydd hver eneste
jævel".

Så den oppsumeringa som står fast i den svært rolege perioda vi her i
Nord-Europa er inne i nå
og vil bruke det som ein mal for kva ein skal meine om blodig alvor
og harde kampar om makta i ei
anna tid, meiner eg har ein a-historisk halding til oppsummeringa.

Torbjørn Lurås