Velferdsmeldinga

Finn Sindre Eliassen (finn@alesund.fylkesbibl.no)
Fri, 26 Apr 1996 14:31:15 +0200 (MET DST)

Hei!

Om få dagar skal velferdsmeldinga (St.meld. 35, 94-95) opp i Stortinget.
Det dokumentet bør vi diskutere. Kvifor?

Jau, dreier seg om å fjerne velferdsstaten. Marknaden skal ta over.
Folk skal ha personleg ansvar for eige liv. Marknaden skal disiplinere
den enkelte.

For eit par-tre år sidan slutta statsminister Brundtland å snakke om
'velferdsstaten' og gjekk over til nemninga 'velferdssamfunnet'. Det var
eit varsel om kva som skulle kome. Noko som professor Else Øyen peikte på.
Ein statsminister skiftar ikkje nøkkelomgrep utan vidare.

Men fjerninga av velferdsgode, raseringa av velferdsstaten, råkar
naturlegvis berre Arbeidarpartiet sine tradisjonelle veljarar. Slik har
politikken vore sidan 80-talet. Og slik vil politikken i auka grad bli
ifølgje velferdsmeldinga.

Men marknaden skal ikkje disiplinere herrane, dei rike, eliten. Over dei
held staten si vernande hand. Staten sikrar dei fritak frå skatt, påtale
og arbeidsløyse.Staten subsidierer dei, betalar ut frå statskassa til dei.
Var det ikkje 20 milliardar ein "blakk" stat betalte ut for å berge
Kredittkassen og andre bankar for nokre år sidan? Og kva kosta
teaterframsyninga på Lillehammer for to år sidan, var det ikkje 20
milliardar, infrastrukturinvesteringane medrekna?
Herrane arbeider ikkje, men dei treng naturlegvis ikkje gå på
arbeidskontoret. Ikkje sosialen heller. Dei treng ikkje arbeide.Dei rår over
staten og kapitalen.

Utan å seie det rett ut legg velferdsmeldinga opp strategien for å
konsolidere velferdstaten for dei rike herrane. For folk flest som
betalar gildet, skal det ikkje vere stort anna å hente enn det som finst
i ein varierande arbeidsmarknad.
Velferdssamfunn for folket. Velferdsstat for herrane.

Under velferdsmeldinga dirrar det moralske peikefingrar: Folk har
personleg ansvar for sine liv! Marknaden skal disiplinere folk til
eventuelt å bli verdige mottakarar av gode! Ein premiss er dessutan
at det er ein grum lagnad å vere mottakar av velferd. Ein lagnad som folk
må frigjerast frå.

Velferdsmeldinga er endå eit skulderklapp til herrane i forretningslivet
frå det partiet som for nokre tiår sidan enno stod fram som småkårsfolket
sitt parti.

Denne politikken er prøvd før i Storbritannia og USA. Resultata er kjende.
Statsministeren og hoffet hennar veit at raseringa av velferdsstaten for
folket vil få alvorlege følgjer for ei gruppe særleg: borna. Men det er
ikkje herrane sine born som vil få ein øydeleggjande start.

Elles, kva blir det av Kjell Magne "barnefamilian" Bondevik i debatten om
Velferdsmeldinga?

Helsing Finn Sindre Eliassen