Kva meiner LO-leiinga om innskrenkingar i streikeretten?

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Fri, 12 Apr 1996 10:40:10 +-200

For ei tid sidan (januar?) hadde KK ein reportasje om innskrenkingar i
streikeretten. Saa vidt eg hugsar, gjekk eit forslag ut paa at berre
organisasjonar med minst 10.000 medlemmer og aktivitet i fleire bransjar
skulle ha streike- og avtalerett. Dessutan skulle det berre vere ein
tariffavtale pr. bransje paa kvar arbeidsplass. Yngve Haagensen
syntest visstnok forslaget var bra, medan AF-leiinga var mot.

Dette er kanskje ikkje heilt presist referert, og dermed kjem eg til
poenget: eg treng meir noeyaktig informasjon, og har ikkje saa gamle
KK liggande. Fagforeininga mi (NTL for. 17) vil kanskje ta opp saka
innafor LO dersom eg kan skaffe bakgrunnsstoffet. Kan nokon
forum-lesarar hjelpe meg?

Lars Staurset